Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Storleik large

Nye BYGDEKVINNE T-SKJORTER


Som medlem i Ulvik Bygdekvinnelag får du ein ekstra god pris ved tinging innan 19.mars!

Ulvik Bygdekvinnelag sponsar medlemene ved kjøp av t-skjorter innan 19.3.2022, og prisen vert då berre kr 100. Seinare vil t-skjortene koste kr 250.

Send tinging til ulvikbygdekvinnelag@gmail.com innan fristen, og vipps betaling med det same til Ulvik Bygdekvinnelag nr 543003.

 

Det er Hordaland Bygdekvinnelag som sel t-skjortene, med ei nett og fin halslinning, god lengd og logo midt på brystet. Stoffet er tett og stabilt med god elastikk og er ikkje for tjukt. 

T-skjortene er i storleikane S til 5XL, med desse måla:

Storleik                brystvidde          lengde

Small                     90cm                     65cm

Medium              93cm                     67cm

Large                     98cm                     68cm

X large                  104cm                   68cm

2X large               108cm                   70cm

3X large               112cm                   72cm

4X large               120cm                   75cm

5X large               128cm                   75cm