Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Åsa takkar fro dagen på Ukrainsk
Gunnbjørg frå  Ulvik Helselag
Hilde frå Ulvik turlag

Tur til dagsturhytta i Ulvik

Laurdag 24 mai ,laga me tur Dagsturhytta i Åsen over Ulvik.

Me samla oss fleire ved Dagsturhytta, med oss var det innbyggarar frå Ukraina og Syria.

Hilde frå turlaget fortalde litt om aktivitetar som turlaget driv med, mange av oppmøtte er med på ein del av desse, som stølstrimmen og stolpejakten.

Gunnbjørg var med oss frå Helselaget og fortalde om deira aktivitet i bygda. Dei har postkassetrim og lette turar kvar onsdag. Også arragerer dei ein dagstur med buss både vår og haust. Mykje tilbud for alle her.

Det var flott at Sasha var med oss og oversette til Ukrainsk for dei som trengte det. Så vart det servert nybaka pizzahorn som Bygdekvinnene stod for , me kosa oss med prat og utsikt.

Litt leik og moro må til når me er ute og då tok me fram spelet Boccia som er lett for alle å delta i. Det blåe laget vant med heile 5 poeng, mens dei andre laga hadde nokså få poeng.

Til slutt var det loddtrekning med fleire gevinstar som er gode å ha til neste tur. Ein fin dag ute på tur og me gler oss til å by på ein ny tur til Osaflorane laurdag 14.juni.