Tur til Osaflorane
Åsa søkte midlar frå Norges Bygdekvinnelag, som i år har prosjekt Friluftsliv og Inkludering. Ulvik Bygdekvinnelag fekk kr. 40 000, som me no nytta til turar i lag med innbyggarar i Ulvik som kjem frå forskjellige nasjonar.
Laurdag 14.5 var me vore på tur til Osa dette var tur nr to av fire, der me inviterer til friluftsliv og inkludering
Me møttes i sentrum og fylte opp bilane. Når me kom til Osa gjekk, me inn til Osaflorane, ein fin gå tur i lett terreng på ca. 15 min..
Der grilla Ibrahim, Ahmad og Anders Kristioffer, hamburgar frå Osa urfe, pølser og salat. Ibrahim og dei andre vaksne frå Syria, laga kebab på grillspyd, servert i libanesisk brød, veldig godt
Åsa imponerte nok ein gong med å snakka litt både på ukrainsk og arabisk.
Tilslutt var det ein liten natursti, der det var blanda lag med både norsk, ukrainsk og syrisk deltakara. Når me kom i mål, var det loddtrekning med flotte premiar.
Tusen takk til alle 27 som var med å gjera dagen så vellukka
Neste tur vert i august.