Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Mar
08
Sat

8. mars-markering i Fjord

Stordal Frivilligsentral
-
Arrangeres av

Eidsdal/Norddal Røde Kors, Fjord AP, Fjord SV, Fjord Sjukepleiarforbund, Mental Helse Fjord, Valldal Bygdekvinnelag og Valldal Helselag.

Tema: Vald i nære relasjonar er tema på markeringa av kvinnedagen

Vald i nære relasjonar er eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Vi vil sette fokus på problemet og korleis lokalsamfunnet kan bidra til å førebygge vald og hjelpe dersom ein mistenker vald. 

Innleiarar

Mangfoldsrådgjevar Maria Hanadi Tanberg som har jobba i Kirkens Nødhjelp i Jerusalen og seinare som likestillingsrårgjevar hos det Svenske konsulatet, og sjølv var utsett for psykisk vald frå ektemannen sin, vil innleie. Vidare vil forskar Anita Dyb Linge som har jobba i eit prosjekt som ser på kunnskap, haldningar og erfaringar med avvergeplikt i møte med partnarvald ha innlegg om korleis avvergeplikta kan brukast opp mot teieplikta. 

Kulturelt påfyll og servering

Det vert kulturelt påfyll ved Matilde Tafjord Rødhammer. 

Enkel servering. Gratis adgang. Varmt velkomne, kvinnfolk og karfolk! 

Info henta frå Fjord kommune si nettside.