Apr
25
Fri
Dugnad i flott haustver!
Fredag 22.10.22 vart det dugnad på kort varsel. Men vi vart 10 arbeidsvillige sjeler som jobba på. Vi fekk klipt og rydda i bed, bærbusker og rosetre. Krukkene vart tømde, og litt haustlyng og gamle tulipanløkar vart sette nedi.
Det vart også kosta og rydda litt i stolar og bord. Så no er det klart for haust og vinter.
Til slutt vart det ei kaffistund med prat om året som har gått, og planar for neste år. Vi har nettopp fått pengar frå Bygdekvinnelaget og Fjørå Helselag. 3000kr frå kvar. Tusen takk! -
Skal starte med eit samarbeidsmøte til våren. Har fått ny kontakt for dei tilsette, det er Lisbeth Torvik. Må også få ny representant for dei pårørande.
Tusen takk til dei frivillige som har vatna og stelt hagen i sommar!