Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Jun
06
Tue

Folkemøte - Konferanse - Valldal

Martin Lingehuset
-

Vi inviterer alle medlemer til dette interessanne møtet. VBK er medarrangør til det, og håper at mange kjem . Møtet er ope og gratis for alle.  VBK har ansvar for lunsjen.

Solveig

Hei alle gode bønder- og bygdekvinner  i Fjord kommune!

 

Du vert med dette invitert til konferansen «Det handler om Norge», på Martin Linge huset i Valldal, den 6. juni d.å., kl. 11.00-15.00. 

 

Denne dagen vil riks-synssarar, fagfolk og politikarar diskutere framtida for Bygde-Noreg, sjå meir i vedlegg. Vi veit det er travel våronn, men  ber likevel om at du prøver å prioritere denne viktige samlinga. Viktig av fleire grunnar, men ikkje minst for å vise at vi som bur i distrikta er bekymra for arbeidsplassen og heimen vår, og at vi krev endring i ein politikk som er i ferd med å køyre bygdene i grøfta. Eitt tema har fått særleg fokus i programmet, det er om produksjon av småbruk er karamellen som vil lokke unge familiar tilbake til bygda?

 

Håper å sjå deg på Martin Linge-huset, tysdag den 6. juni! Ver ute i god tid!

 

PS. Konferansen er open og gratis for alle, inklusive lunch. (Det som står om varm lunch kr 200,- er feil)