2015 - Kulturpris !
Det var stor glede i laget over at dei fekk kulturprisen for 2015.
Valldal Bygdekvinnelag fekk overrekt diplom og 5000 kr på siste kommunestyremøtet før jul. Det var sjølvsagt stor glede over prisen og over at arbeidet som laget gjer i bygda vert sett pris på.
På bildet ser vi leiaren Solveig Linge Stakkestad saman med Mariann Døving, Bjørg Kleppe, Eva Muribø, Sunneva Linge og Petra Jemtegård.