8. mars - Markering av kvinnedagen
Svært vellukka 8.- mars arrangement på Frivilligsentralen i Stordal.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Eidsdal/Norddal Røde Kors, Fjord AP, Fjord SV, Fjord Sjukepleiarforbund, Mental Helse Fjord, Valldal Bygdekvinnelag og Valldal Helselag.
Det var ein fullsett sal med folk frå dei fleste bygdene i kommunen, omlag 45 frammøtte med kvinner i fleirtal. Temaet var viktig,- vald i nære relasjonar. Dette er eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Fokus var på problemet og korleis lokalsamfunnet kan bidra til å førebyggje og hjelpe dersom ein mistenker vald.
Matilde Tafjord Rødhammer opna med song. Ann Karin Rudi frå Fjord Ap ønska velkommen til 8.mars arrangement. Maria Hanadi Tanberg held hovedinnlegget om eige liv, og vald i nære relasjonar. Anita Dyb Linge gav god info om kva lovverket seier og om avvergeplikt/teieplikt mm. Ho forskar på m.a. vald i nære relasjonar.
Etter programmet vart det servert kaffe, te og nydeleg gulrotkake og kringle ! Eit vellukka arrangement!
Foto og info: Linda