Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flott jubileumskake.

Flott jubileumskake.

Randi Flø las frå gamle protokollar.

Randi Flø las frå gamle protokollar.

Kake, åresal og kviss.

Kake, åresal og kviss.

Aktive damer.

Aktive damer.

Møteprotokollane frå 1932 og framover.

Møteprotokollane frå 1932 og framover.

Kristi og Mette med dialektordbilda.

Kristi og Mette med dialektordbilda.

Solveig vart overraska av Bjørg.

Solveig vart overraska av Bjørg.

Solveig Linge Stakkestad,- medlem i 50 år!

Solveig Linge Stakkestad,- medlem i 50 år!

Astrid og Petra skåler for oss i varmare strøk!

Astrid og Petra skåler for oss i varmare strøk!

90-årsfeiring!

 

Hyggeleg medlemstreff på 90-årsdagen! 

Laget vart skipa 10. mars 1932, og vi fekk historiske tilbakeblikk ved at Randi Flø las frå gamle protokollar. Det var også tatt vare på mange bilde frå tidlegare tider og aktivitetar i laget. Veldig kjekt og interessant.  På programmet stod også song, morosam kvizz og åresal der mange vann vårblomster. Og sjølvsagt kaffi og nydeleg marsipankake frå Bakeriet.

Blomster og gode ord vart det også til  Solveig som hadde vore medlem i heile 50 år! Mange av desse åra har ho vore i styret eller vore leiar. Imponerande! -   Inger Sissel Berdal fekk også blomster. Ho har vore medlem sidan 1985 og var kasserar i heile 18 år!

Flotte dialektordbilde! - Elles fekk vi sjå døme på dialektbilda som ei gruppe har jobba med særleg siste året. Dei har intervjua Lilly Sandnes for å samle dialektord frå Valldal. Gruppa som består av Sunneva, Mette og Kristi har valt ut og bearbeidd desse til bildeform. Desse kan kjøpast laurdag 12. mars på jubileumsstand på Sylte. 

Vertinner: Bodil Døving, Anne Nygård, Liv Engeskaug og May Berli.

Takk til alle for god gjennomføring slik at dette vart ei hyggestund! 

Foto og info: Bjørg Kleppe