Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Martin Linge-huset.

Martin Linge-huset.

AKTIVITETSSENTER OG VELFERDSTEKNOLOGI FOR ELDRE


Torsdag 27. april 2017 arrangerte Fjørå - og Valldal Pensjonistlag samarbeidsmøte på Martin Linge-huset.

Her kjem eit referat skrive av Sunneva Linge.

 

AKTIVITETSSENTER OG VELFERDSTEKNOLOGI FOR ELDRE

Møte på Martin Linge-huset  27.april kl.18.

Fjørå og Valldal pensjonistlag og Valldal bygdekvinnelag var arrangørar.

Bygdekvinnelaget laga kaffimaten og tok kr.50 pr.person.

Pensjonistlaget hadde åresalet, dei fleste gevinstane og fekk inntekta her.

Leiar Turid Aspehjell var møteleiar.

Orienteringar: Lagstur til Loen 29.april, tilbod om kokebok for eldre,

konsert på Gomerhuset i Skodje.

Ord for dagen var ved Elinor Ruset. Ho las ”Lerka frå Lista” av Per Bjørn Ellingsæter.

 

Hans Ekornhagen frå Norsk pensjonistforbund var kåsør på møtet.

Kort referat:

 

Morgondagens omsorg

Brukarar: Skal i større grad bli ein ressurs i eige liv.

Lokalsamfunnet: Innbyggjarane kan mobiliserast på nye måtar og bli ressurs for andre.

Velferdsteknologi: Blir ein ressurs for brukarar som slik kan meistre kvardagen betre.

Ideelle og friviljuge organisasjonar: Ressursane deira kan vidareutviklast og takast i bruk på nye måtar. (Besøksteneste)

 

Aktivitetssenter

1 God, moderne møteplass der ein kan byggje relasjonar.

2 Mogleg å få utvikling, læring og kulturopplevingar.

3 Eit mangfald av kurs og treningstilbod.

4 Skreddarsydde tilbod som passar inn i lokalmiljøet.

5 Frivilligheit og folkehelse bør inkluderast i senterprofilen -

   sentra blir meir berekraftige og framtidsretta. (Frisklivssentral, gåtur, møtast til kaffi.)

 

Velferdsteknologi

Styrkjer kvar einskild til å klare seg sjølv.

Teknologisk assistanse – skal auke tryggleik, sikkerheit, sosial deltaking, mobilitet,

fysisk og kulturell aktivitet.

Døme: Automatisk dørlås, robotstøvsugar, fjernsynskontroll, elektronisk pilledispenser, tryggleiksalarm (varslar om fall m.a.)

 

Aktivitet Meistring Tryggleik

Aktivitet - m.a. viktig å styrke balanseevna.

Meistring – for å klare seg sjølv.

Tryggleik – ha det trygt utan å engste oss.

 

Målet med velferdsteknologi: Bu heime og meistre eige liv lengst mogleg.

 

Risikorydding – Hjelpemiddel

Antisklimatte til dusj og bad, gåstavar, hoftebeskyttar,pigg til krykkje/stokk,

Antisklitupp til stokk, antisklimatte under teppe, dobbelsidig tape under teppehjørne, antiskliremse til trapp. Piggar til sko, trekk til sko, refleks, lommelykt.

Brannteppe, brannvarslar, brannutstyr, komfyrvakt, stikkontakt m/ timer (kaffitraktar),

førstehjelpsskrin, forstørringsglas m/lys.

- 550000 blir behandla for skader kvart år –

 

Statens mål

er bruk av velferdsteknologi innan 2020 med

 elektrisk døropnar/ lås, elektrisk medisindispenser, GPS tryggleiksalarm.

 

Kommunale mål

Pensjonistforbundet ønskjer velferdsteknologi som ein del av det kommunale tenestetilbodet –alle får same tilbodet, utan omsyn til kvar ein bur.

Pårørande og frivillige kan opplærast i bruk av hjelpemidla.

 

Møtet vart avslutta med åresal og og videoen” Margot prøver velferdsteknologien”.

 

Sunneva Linge skrivar