Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Snø eller regn, eller sludd?

Snø eller regn, eller sludd?

Aprildikt.

 

REGN   (eller les SNØ)

Skrive av Anders Steinnes, Ørsta i 1921.

Det regnde i dagane åtte og ni

den tiande dagen såg vi sola.

Så skein ho i timane to eller tri.

No vert det regn, sa han Ola.

Det regnde i vekene seks eller sju,

ein såg ikkje skimten av sola.

Det sila og rann så det var ei gru.

No bløyter han godt, sa han Ola.

Det regnde i månader nær på eit år

frå jonsok og langt utom jola.

Men trettande dagren var himmelen klår.

No turkar det opp, sa han Ola.

   ------------------------

No treng vi litt sol og varme!

Winston Churchill  sa ein gong:

" I am an optimist - it does not seem much use being anything else:»

Så no må vi berre vere optimistar - våren kjem, om inkje så brått!

Påskehelsing til alle VBKarar

frå Sunneva skrivar