Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

"Historia mi ", av Anne Nygård

"Historia mi ", av Anne Nygård

Anne fortalde frå eit innhaldsrikt liv.

Anne fortalde frå eit innhaldsrikt liv.

Bjørg ønskte oss velkommen med eit fint dikt.

Bjørg ønskte oss velkommen med eit fint dikt.

Fine stemorsblomster som gevinstar.

Fine stemorsblomster som gevinstar.

Apriltreff

Torsdag 13.04.23 var det apriltreff på biblioteket. Det var godt frammøte. Bjørg ønskte velkommen, og denne dagen var det Anne Nygård som skulle fortelje historia si.

Ho vaks opp på ei lita øy i Nordland, måtte bu på skuleinternat dei to første skuleåra sine, men hadde likevel gode minner frå barndommen. Ho utdanna seg til revisor, og slik kom ho til Valldal som økonomisjef i kommunen. Ho ville flytte til Sunnmøre for å bu i nærleiken av sonen sin og barnebarna der. Anne har reist mykje rundt om i verda, og er også svært aktiv i frivillig arbeid.

Liv og Bodil hadde baka nydelege kaker til kaffien, og åresalet gjekk også strykande. Praten gjekk også godt rundt borda. 

Mor Monsen

 

 

   Sjokoladekake

Tusen takk til vertinnene Bodil, Anne og Liv.