Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Hudpleietips? Ja, takk! - innbydande og spennande bord.

Hudpleietips? Ja, takk! - innbydande og spennande bord.

Camilla Holebakk fortalde om hudpleieprodukt frå Mary Kay.

Camilla Holebakk fortalde om hudpleieprodukt frå Mary Kay.

Litt av produkta.

Litt av produkta.

Spennande tilbud på påskeoverraskelse.

Spennande tilbud på påskeoverraskelse.

Lifebag - laga av kvinner i Kenya. Heile kjøpesummen går til kvinnene der.

Lifebag - laga av kvinner i Kenya. Heile kjøpesummen går til kvinnene der.

Bjørg og Mette med påskegåver, - flotte krukker med stemorsblomster.

Bjørg og Mette med påskegåver, - flotte krukker med stemorsblomster.

Apriltreff med påskegåver og velvære.

 

Torsdag 7. april var det nytt medlemsmøte på Biblioteket. Møtet vart starta med diktlesing av Solveig, og deretter las Randi Flø frå gamle lagsprotokollar. Ho studerer desse for å skrive ei bok om laget i høve jubileet.

Det var godt frammøte, ca 20 stk, og vi var spente på kveldens tema som var hudpleie. Camilla Holebakk er forhandlar av produkt frå Mary Kay, og ho hadde laga til eit flott bord med speil og utstyr til kvar og ein av oss. Og vi fekk prøve både vask og rens av huda, og diverse kremtypar for hud, hender, føter, og ein som kunne hjelpe for alt! 

Ho hadde også spesielle påskeposar til ekstra god pris, men kva som var inni var ein overraskelse! - Då kaffipausen starta, kunne dei som ville kjøpe seg noko dei hadde lyst på og sikre seg noko til presangar. Judith og Gerd var vertinner denne gongen, og dei hadde baka Kvæfjordkake og aniskringler med smør og ost.

Solveig kom med lagsopplysningar,  litt om sommarskule og at vi skal vere med på å arrangere olsok. Feiring av 90-årsjubileet på hotellet vart også nemnt. Invitasjonen kjem snart.

Camilla forhandla også Lifebag. Gode vesker som er laga av kvinner i slummen i Kenya, laga av resirkulert plast. All inntekt går til kvinnene og deira familiar. 

Så var det åresal med blomstergevinster og også Påskeoverraskelsespose og Lifebag! Mange heldige!

Til slutt var det utdeling av påskehelsing frå laget vårt. Dette starta i Koronatida, og det er kjekt med flotte stemorblomster frå Linge Gartneri. Tusen takk!