Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Først møte og så dugnad.

Først møte og så dugnad.

Årets første dugnad i Sansehagen.

Måndag 8.05.23 vart det endeleg møte i Sansehagegruppa. Vi har fått tre nye medlemar, Kjellaug Valldal frå Pårørandeforeninga, Lisbeth Eiksund Torvik frå dei tilsette, og Anne Nygård frå Vbk.

Veldig bra! Olav Løvoll, leiaren i Pårørandeforeninga var også til stades og Dagrun Rem og Brita Melchior.

Her kjem innkallinga:

Møte i Sansehage gruppa 8.05.23

På Aktivitetsstova på Sjukeheimen

Desse er innkalla: Helselaget: Ellinor og Inghild

                              Pårørande: Kjellaug

                              Vbk: Anne, Bjørg og Judith

                              Tilsette: Lisbeth Eiksund Torvik

Historie: Første møtet for å lage ei arbeidsgruppe for oppstart Sansehage var 29.09.2015.

 Det var Bjørg på Frivilligsentralen som sende innkallinga til laga. Vi ser dei 4 gruppene som vart representerte, og Lions ville hjelpe til med dugnadsarbeid. Kommunen kunne ikkje gi økonomisk støtte, men Frivilligsentralen skulle vere med som sekretær!

Starta i 2016: Ordna rosebedet på framsida, laga nytt pallekarmbed, planta bærbusker, jordbærpyramide, kjøpte og planta i krukker .  Pussing og beising av utemøblar.

2018: søkte om midlar frå Sparebanken Møre og Nasjonalforeningen for Folkehelse og fekk pengar til Paviljongen – 55000kr.

Økonomi no: Var heilt tomt i fjor sommar, men fekk hjelp frå Vbk og Helselaga

Har no 6903,20 kr på konto. Fekk 3000 frå Vbk , og 3000 kr frå Valldal helselag, og 2500 frå Fjørå no når dei avslutta.

 

Arbeidet vårt no: dugnadsarbeid, ca 4 gongar pr år, vatning, samarbeid med Glimt mm.

Kan vi fordele arbeidet i gruppa?

  • Informere Sjukeheimen om tidspunkt, ute, inne.
  • kaffi frå kjøkken.
  • Ordne med kaffimat, - kjøpe inn el få laga.
  • Snakke med vaktmeister
  • ___________________      ___________________    __________________

Møtet gjekk greitt. Vi vart enige om å fortsette med arbeidet med å vedlikehalde hagen slik den er no. 

Men vil samarbeide med Glimt om bruk av hagen, og høyre om dei vil vatne blomane og kanskje også vaske over bord og event. stolar. Litt rydding også. Kanskje kan dei også plukke bær og servere på Heimen.

Judith som framleis er leiar, fekk ikkje sparken. - Litt fordeling av oppgåvene. Lisbeth ville informere administrasjonen om tid for dugnad. Ho ville også kontakte vaktmeister og kjøkken for å få kaffi og event. kaffimat. Til større dugnader måtte vi kanskje få litt bakehjelp. Inghild og Ellinor ville bake til dugnaden som er tenkt tysdag 6.06.23 kl 17.

Vi var ca 10 dugnadsfolk i dag, så det vart planta stemor i krukkene, klipt rosetre, kosta og vaska bord, stolar og benkar, det vart raka og fylt på jord og gjødsel, og Dagrun vart løvetannmeister!

Litt kaffi med lefser og twist fekk vi også tid til!

Tusen takk til alle som var med!

Neste dugnad 6.06.23 kl 17,- om det ikkje er uver!