Årsmøte 2017 og Kvinner UT.
Torsdag 2. november var det årsmøte i Vbk på Raudehuset på Døving. Vi fekk også besøk av prosjektleiar for Kvinner Ut, Sosan Asgari Mollestad.
Det var fint pynta med levande lys både ute og inne, varmt og godt.
Leiaren vår , Mette Marie Døving ynskte velkommen med dikt av Jan Magnus Bruheim.
Ho minte også om at laget vårt er 85 år i år, og las referat frå lagsboka frå første møte. I løpet av første året fekk laget 30 medlemar, det er omtrent som i dag!
Elles vart det gjennomført vanlege årsmøtesaker. Dette kan du lese om under link til årsmøtereferat.
Val av styret.
Mette Marie held fram som leiar.
Bjørg Kleppe og Sunneva Linge held fram.
Solveig går inn igjen.
Kristin Alstadsæter kjem inn som ny.
Vara: 1. Nelly Ytterli
2. Eva Muribø
3. Mette Valdal
4. Astrid Andersen
Tid for mat!
Nydeleg gryterett med brød og ris frå Sylteormen Bakeri!
Deretter fekk vi presentert prosjektet Kvinner Ut av ein engasjert prosjektleiar Sosan Asgari Mollestad.
Vbk har søkt om å få vere med på prosjektet, og får då midlar for å gjennomføre.
Sosan kom til Norge som politisk flyktning i 1985, ho var då 21 år. Ho fortalde om ein trygg og god barndom i Teheran, men under den iranske revolusjonen vart faren drept, og Sosan melde seg etter kvart inn i ein illegal venstreorientert organisasjon som arbeidde mot det nye regimet.
Mange vart arresterte og drepne utan lov og dom. Sosan vart dømd til 7 års fengsel, men greidde å flykte frå landet og kom til Norge som politisk flyktning.
Ho lærte språket raskt , jobba og tok utdanning som barnevernspedagog.
Ho ville jobbe med flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar, og det har ho gjort både i kommunal og statleg regi og også gjennom Flyktningehjelpen.
NBK satsa for 2017 - 2018 på prosjektet Kvinner Ut.
Kvinner - aktiviteter - møteplasser.
Sosan søkte på jobben som prosjektleiar og fekk jobben.
Inkludering er eit nøkkelord, viktig at kvinnene ikkje kapslar seg inn, men kjem ut i samfunnet, inn i lag og organisasjonar.
Innvandrarane er ikkje vane med organisert frivilligheit, dei må lære det.
Bygdekvinnelaga har frå før mange aktivitetar som dei kan invitere innvandrarar eller tilflyttarar til å vere med på. Dei treng ikkje finne på nye ting.
Vbk har skissert ein plan i søknaden for Kvinner Ut, dette kjem vi tilbake til seinare.
Stor takk til Sosan for engasjert og interessant innlegg !
Til slutt vart det åresal, kaffi og nydeleg marsipankake frå Bakeriet!
Ca 18 frammøtte hadde ein fortreffeleg kveld !