Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Leiaren vår, Solveig, ynskte velkomen og tok attval!!

Leiaren vår, Solveig, ynskte velkomen og tok attval!!

Vi er klare for årsmelding og val.

Vi er klare for årsmelding og val.

16 av medlemane møtte på møtet.

16 av medlemane møtte på møtet.

Sunneva skrivar, Solveig leiar, Bjørg møteleiar og Nelly kasserar.

Sunneva skrivar, Solveig leiar, Bjørg møteleiar og Nelly kasserar.

Randi Flø er i innspurten med jubileumsboka,- las ein liten godbit frå gamle lagsbøker.

Randi Flø er i innspurten med jubileumsboka,- las ein liten godbit frå gamle lagsbøker.

Nelly takkar for seg i styret, får blomster og fine ord!

Nelly takkar for seg i styret, får blomster og fine ord!

Nydeleg kyllingsalat!

Nydeleg kyllingsalat!

Deilig Budapestkake til kaffien.

Deilig Budapestkake til kaffien.

Årsmøte 2022

Referat frå årsmøtet kjem i eigen artikkel om valet og nytt styre.

Årsmelding   2022. Valldal bygdekvinnelag

Styret har vore samansett slik:

Solveig Linge Stakkestad  leiar, Bjørg Sætren Kleppe nestleiar,  Nelly Marie Ytterli, kasserar, Mette Valdal studieleiar, Mette Marie Døving  styremedlem, Sunneva Linge  skrivar 1.vara.                                                2.vara Anne Nygård, 3.vara Eva Muribø, 4.vara Petra Jemtegård.

Styremøter:  7 styremøter og 52 saker. Kommunikasjon i styret på epost, og AU har hatt 3 møter. Medlemar:  33

Kafegruppe: Vigdis Døving Mork, Liv Eldrid Båtnes, Aase Oppskar.                                                              Tur og aktivitetsgruppe: Petra Jemtegård, Gerd Myren Hoel og Anne Nygård.                                          Heimeside: Judith  G. Krogh                                                                                                                            Sansehagen: Judith.                                                                                                                                  Syng med oss: Astrid Bakke Andersen, vara Judith.                                                                                      Nyføddgåve:   Randi Hole Heggen.                                                                    

Bokkomite:  Randi Flø, Petra Jemtegård, Mette Marie Døving og Solveig        

Dialektbildekomite: Sunneva, Mette V og Kristi Linge Stakkestad                          

 Olsokkomite: Bjørg og Mette Valdal                                                                                                                Revisorar: Kristin Vangsnes  Hjelme, Randi H. H                                                                                             Valnemnd : Signe Brenna, Gerd Myren Hoel, May Berli.

 Medlemsmøter:                                                                                                                                                 9.des Førejulshyggje med peparkaker og gløgg. Biblioteket, 13. medlemar. Idemyldring  og åresal.               8.feb. Medlemstreff på biblioteket. Inger Gilje Sandnes fortalde og viste bilde frå Sør-Sudan, årer   10.mars Jubileumstreff  på 90 årsdagen på Martin Linge-huset. 17 medlemar. Vi song bursdagssong og feira med marsipankake. Randi Flø las frå gamle protokollar.  Dialektbileta var ferdige og Kristi og Mette V presenterte dei.    Åresal , og vi sende kr 2500 til Ukraina  innsamling.                                                      7.april  Medlemstreff på Biblioteket. 20 medlemar. Randi Flø las frå «Heimhug». Camilla Holebakk  var invitert til å ha med og vise hudpleieprodukt.  Ein triveleg kveld med åresal og gevinstar frå Camilla. Gerd og Judith var vertinner med velsmakande kaffimat.                                            

12.mai Jubileumsfest. 45 gjestar. Dette var ein staseleg fest med mykje god underhaldning. .Medlemane var bedd med fylgje. Det var mange gjestar, m.a.frå NBK ,ordførar Eva Hove  og   Ørskog. Kjøkmeister var Eva Hilde Lingås. Det var mange helsingar og gilde gåver.  Randi og Svein Ove hadde eit glimt attende i tida. Ei stor overrasking var at Solveig  fekk eit flott « Heiderskjevle».  Musikk og song av Petter LIngaas  og Karianne Vikene.  Takk for maten talar var Magne Krogh  som rosa laget for å ta godt vare på medlemane sine.  Solveig takka av med eit dikt: Du er eineståande» Verdig feiring av ein 90 årsjubilant. 

9.juni Sommaravslutning.  Ein vellukka tur til  Hallvard Eide si steinsamling på Dale. Fin sommarkveld!  11.sept.Blåtur . Dette var ei maksoppleving på Juvet. Mat og steming  ein fulltreffar. Besøk hjå Hegelin på heimvegen,  mykje god informasjon og mykje å kjøpe. Flott opplegg av turnemnda.

Aktivitet /arrangemnet/ medhjelparar.                                                                                                            12. mars. Stand med sal av dialektbilete. 4 medhjelparar.                                                                               9.april. Bygdafest. 3 medhjelparar.                                                                                                                   7.mai. Fest Hornmusikken 90 år. 6 medhjelparar. 

14.mai.Aktivitetsdag for funksjonshemma.    2 medhjelparar.                                                                            12.juli. Kafe på sommarmessa til Husflidslaget8 medhjelparar .                                                                    29.juli. Førebuing av matsalet på olsok. Vaffelrøre og rørt jordbær. 4 medhjelparar.                                                                                                             

30.juli Olsok. Kafe saman med helselaget. Stand for å selje bok og dialektbilde.     10 medhjelparar.                                                

5.okt. Frå jord til bord  .Matlaging med lokale råvarer med vaksne norsk -elevar/tilflyttarar.  3 medhjelparar. 

19.okt. Matlaging med same opplegg  i 6kl og lunsj til mellomsteget.  4 medhjelparar.                                   22.okt. Bagasjeloppis på Hamna. Kaffi og kaker frå bodene. Sal av dialektbilete. 3 medhjelparar.                  23.okt.Kyrkjekaffi   VTS.  - 4 medhjelparar.                                                                                                      Sansehagen har hatt stor aktivitet med dugnad i hagen ved VTS. Det har vore 3 store og fleire små  dugnadar og mange har stilt opp. Dei gjer innkjøp av planter og det som trengs elles.  Judith tok initiativ til å måle benkane. Alt dette gjer at området er stelt og fint.                                                                                  Nyføddgåve  Randi har trufast strikka og sendt til alle nyfødde. Det er gjeve til 6 nyfødde i Valldal og Fjørå. Det er det lavaste talet sidan VBK og Randi starta med dette i 2006.

Kviss. Dette starta i januar med Eva Hilde Lingås som dyktig kvissmeister. Bjørg er kontaktperson og ansvarleg.  Kviss på dagtid er open for alle,  god oppslutning om dette.  Det har vore 5 kvissar.                                                                                                                                                                              Olsokkomite.  Dette er nytt i år. Vi vart spurd om å ha kafe saman med helselaget. Bjørg og Mette V gjorde eit svært godt forarbeid til olsokarrangementet.     Det har vore 6 møter i komiteen.       

Verv/Representasjon   Nelly, nestleiar i  M&R Bkvl  ansvar for julekalender. Bjørg , styremedlem i M&R Bkvl og i studieforbundet, «Kultur og tradisjon». Leiar ha møtt i: Beredskapsrådet, i Fjord, årsmøte i M& R bkvl, landsmøte NBK  i Bergen og Kongeskipet.

Jubileumsåret . VBK har markert dette på mange måtar.    Vi har laga eit dialektbilete med ord som Lilly hadde skrive ned, og  gjer med dette  ære på henne.   Jubileumsboka er  i arbeid og vert ferdig i desember.  På kvart møte  dette året har Randi Flø  lese eit stykke frå  protokollane . Det er ho som har stått for skriving av boka og har regien på dette, men  med  hjelp av andre. 

Arbeidsåret. Det har vore eit aktivt år med mange arrangement og  mykje dugnadsarbeid  er gjort. Vi var med på Olsok dette året, og det har vi god utteljing på. Vi er godt synlege i nærmiljøet også gjennom heimesida vår og facebook. Judith som har heimesida, gjer ein stor jobb med å legge ut  stoff og bilete.  Dette har stor verdi . Vi har hatt nokre avisinnlegg. Leiar har skrive « Vi har alltid plass til ein til» og nokon har reagert,  resultatet  er 2 nye medlemar! Håper at medlemane har hatt eit år med kjekke opplevingar.

Takk                                                                                                                                                                                              Takk for eit godt  år i VBK. Takk for at DU er med og gjer dette til eit flott lag og kvinnefellesskap. Takk for  velvilje og innsats frå medlemane.  Takk for godt samarbeid og arbeid  i styret.

Linge, 23.10.22

Solveig