Årsmøte 2023
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I VALLDAL BYGDEKVINNELAG 2023
Kl. 18, torsdag 26. oktober 2023 på biblioteket. 24 møtte.
Leiar Solveig Linge Stakkestad ønskte velkomen med diktet "Søsterskap". Vidare vart det allsong : "Samlesong" av Marta Schumann, og orientering om julekalenderen v/Nelly Ytterli.
ÅRSMØTESAKER Sak 1 - Innkalling og sakliste - godkjende utan merknad.
Sak 2 - Val av ordstyrar, skrivar, to til å skrive under protokollen. Ordstyrar - framlegg om Bjørg Kleppe - samrøystes vald. Skrivar - framlegg om Sunneva Linge - samrøystes vald. To til å skrive under protokollen - framlegg om Randi Flø og Magnhild Grønningsæter - samrøystes valde.
Sak 3. - Årsmelding inkludert undergruppene ved Solveig Linge Stakkestad Sjå årsmeldingsvedlegg. Undergruppene vart takka for innsatsen Årsmeldinga vart godkjend av årsmøtet med to merknader: Undergruppe Månadens dikt i avisa. VBK deltok på opninga av Syltetorget.
Sak 4 - Rekneskap 2022/2023 ved Berit Fredriksen Kasserar. Petra Jemtegård samlar kvitteringar og betalar rekningar. Rekneskapen var godkjend av revisorane med to merknader: Det mangla litt kvitteringar, bør bruke nøyaktige summar, ikkje avrunde. Rekneskapen godkjend av årsmøtet utan merknad.
Sak 5 - Halvårssplan 2023 ved Biørg Kleppe. Faste opplegg held ein fram med, ba om innspel til planen. Endring: Medlemstreff blir på tysdagar, styremøte på torsdagar. Endre møtenamn frå Medlemstreff til VBK-kveld? Ope for alle. Viktig å høyre kva yngre ønskjer å vere med på, for å få yngre medlemer. Studieforbundet-kurs - medlemer gratis, ikkjemedlemer må betale, medlemer har førsterett dersom det blir for fullt. Vertinnegruppe-plan bør med på halvårsplanen.
Sak 6 - Innmelde saker * Framlegg frå VBK-styret: Kr 0 i lokallagskontigent som før. Samrøystes vedteke. VBK får inntekt på åresal i staden for via lokallagskontigent. Årskontigent er no kr 765, under 40 år halv årskontigent kr 380. *Framlegg frå valkomiteen: 1000 kr som no går til kafegruppeleiar bør gå til kasserar. Samrøystes vedteke. VBK spanderer eit måltid mat som takk for medlemsinnsats i staden for småsummar til oppmøte eller kakebakst. Dette set medlemene pris på. VBK sponsar også medlemer på turar og diverse tilstellingar.
Sak 7 - VAL - Framlegg frå valnemnda ved Gerd Myren Hoel
Styret:
leiar | Solveig Linge Stakkestad | 2023 - 2024 attval |
Bjørg Sætren Kleppe | 2023- 2025 attval | |
Mette Natland Valdal | 2023 - 2025 attval | |
Mette Marie Døving | 2022 - 2024 ikkje på val | |
Petra Jemtegård | 2022 - 2024 ikkje på val | |
1. vara | Magnhild Grønningsæter | 2023 - 2024 ny |
2. vara | Randi Flø | 2023 - 2024 ny |
3. vara | Eva Bergdahl Muribø | 2023 - 2024 attval |
4. vara | Merete Myklebust | 2023 - 2024 ny |
Kafegruppe: Ein frå styret, Aase Opskar, Liv Eldri Båtnes, May Berli, Bodil Døving, Rigmor Vågenes 2023 - 2024 attval
Tur og aktivitetsgruppe: Ein frå styret, Gerd Myren Hoel og Kristi Linge Stakkestad 2023 - 2024 attval
Heimeside: Judith Krogh 2023 - 2024 attval
Sansehagen: Judith Krogh, Anne Nygård 2023- 2024 attval
"Syng med oss": Astrid Bakke Andersen 2023 - 2024 attval
Nyføddgåve: Randi Hole Heggen 2023 - 2024 attval
Revisorar: Kristin V. Hjelme og Randi Hole Heggen 2023 - 2024 attval
Valnemnd: May Berli 2021 - 2024, Vigdis D. Mork 2022 - 2025, Sunneva Linge 2023 - 2026.
Alt samrøystes vedteke.
MAT OG ÅRESAL - Vertinnegruppe 6 hadde kjøpt inn kaffimat og gevinstar.
GJEST: Liv Borghild Hildre, leiar i distriktstyret, orienterte om diverse saker: Kurs på tysdagar for alle - vil gjerne ha tilbakemelding om korleis det fungerer. Neste kurs om medlemsregisteret. Det nye styret må leggjast inn. Inspirasjonsseminar 10-12. november i Stavanger - framleis ledige plassar. Positivt at VBK har undergrupper, at laget følgjer opp årsplanar frå NBK, at vi legg ut referat av årsmøte og styremøte. NBK fangar opp aktivitetane i laga via nettsida. Hildre ønskte lukke til vidare med det gode arbeidet VBK står for.
HEIMESIDE - Nettansvarleg, Judith Krogh viste nettsida vår og bilde frå aktivitetar. Viste også sidene til Norges Bygdekvinnelag og Distriktslaget. Mykje nyttig informasjon der.
BLOMAR til Liv Borghild Hildre med takk for besøket, og til Anne Nygård og Nelly Ytterli som slutta som varafolk. Og ikkje minst til Sunneva Linge som slutta som skrivar etter 23 år i jobben. Imponerande!
Sunneva Linge, skrivar