Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Fullt hus i Fjørå!

Fullt hus i Fjørå!

Konsentrasjon om årsmelding og årsmøtesaker.

Konsentrasjon om årsmelding og årsmøtesaker.

Før årsmøtet: Nydeleg rømmegraut med spekemat til.

Før årsmøtet: Nydeleg rømmegraut med spekemat til.

Bjørg takka Solveig for leiarskap i tilsaman 15 år.

Bjørg takka Solveig for leiarskap i tilsaman 15 år.

Solveig fekk blomar og mange varme, gode ord.

Solveig fekk blomar og mange varme, gode ord.

Solveig takka for tida som leiar, sjølv om det var travelt til tider, så hadde ho lært mykje.

Solveig takka for tida som leiar, sjølv om det var travelt til tider, så hadde ho lært mykje.

Petra Jemtegård takka også for seg i styret, fekk blomar og rosande ord.

Petra Jemtegård takka også for seg i styret, fekk blomar og rosande ord.

Vertinnegruppa stilte med mykje godt, marengskake, suksessterte, epleterte, is og gele med frukt!

Vertinnegruppa stilte med mykje godt, marengskake, suksessterte, epleterte, is og gele med frukt!

Vertinnegruppa stilte også med spennande gevinstar.

Vertinnegruppa stilte også med spennande gevinstar.

Årsmøte 2024

Møtestad: Ungdomshuset i Fjørå
Tid: Årsmøte frå kl. 18.00, sosialt samvær med servering av rømmegraut frå kl. 17.00

Godt frammøte, 25 medlemmer var til stades.
Journalist frå SN var også til stades på årsmøtet.
Vertinnegruppe 5 hadde ansvar for servering og åresal.
Leiar Solveig Linge Stakkestad ønskte velkomen med eit vers av Olav H Hauge;
«Eg hogg ned den store apalen utfor glaset».

Nelly ønskte velkomen til Fjørå og velkomen til bords. Rømmegraut m. tilbehør vart sett
fram, risgraut for dei som ønskte heller det. Alt smakte fortreffeleg!

Årsmøtet vart innleia av Solveig som var overvelda over så godt frammøte.
Sidan dette var siste møtet hennar som leiar var det spesielt og gledeleg at så mange var
samla. Allsong vart delt ut, og forsamlinga stemte i med Marta Schumann sin «Samlesong».

Etter at valet var gjennomført vart ordet gitt til Bjørg Sætren Kleppe.
Ho takka Solveig for innsatsen gjennom så mange år som leiar i Bygdekvinnelaget med
velvalde og fine ord. Solveig som har vore leiar dei siste 15 åra har gjort ein uvurderleg
innsats med hjerte for laget gjennom eit langt medlemsskap, heile 52 år til no!
Som takk fekk ho overrekt fine blomar, Solveig vil nok verte ein viktig støttespelar vidare
med all den erfaring ho har.
Solveig kvitterte med takk og det vart ei gripande stund, og ein god applaus frå forsamlinga.
Blomar vart også gitt til Petra Jemtegård som no går ut av styret. Petra er også ein av dei
som har site lenge som medlem og hatt ulike verv, også som leiar. Mange hyggjelege minner
frå interessante år i laget, der Solveig og Petra hadde hatt mange felles minne.
Etter denne sekvensen var det tid for kaffi/te og mykje gode kaker kom på bordet!
Alle kosa seg verkeleg med god servering og påfølgjande åresal.
Det vart sett ei maksgrense på 2 gevinstar for kvar enkelt, verd å ta med seg ved seinare
høve!
Takk til vertinnegruppe 5 som hadde ansvaret for tillaging og servering denne fine kvelden!
Takk til avtroppande leiar som har leia laget på ein framifrå måte dei siste 15 åra!

Møtet slutt kl 20.20
Magnhild Grønningsæter
referent