Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Velkomstkomite var Bjørg og Gunda Bele.

Velkomstkomite var Bjørg og Gunda Bele.

Trim for eldre frå NRK-arkivet!

Trim for eldre frå NRK-arkivet!

Tidlegare leiar, Monika Frisvold Vågan og noverande Liv Borghild Hildre.

Tidlegare leiar, Monika Frisvold Vågan og noverande Liv Borghild Hildre.

Ordførar Eva Hove med videoinnlegg om frivillighetens år, 2022.

Ordførar Eva Hove med videoinnlegg om frivillighetens år, 2022.

Styret i Distriktslaget M og R.

Styret i Distriktslaget M og R.

Årsmøte for Distriktslaget for Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Årsmøtet 2022 vart halde på Scandic Parken Hotell i Ålesund med omlag 40 deltakarar. Det såg ut som alle syntest det var kjekt å kunne møtast å sjå kvarandre og ikkje berre ha digital kontakt.

Styret i år er: liv Borghild Hildre (leiar), Nelly Ytterli ( nestleiar), Gunda Bele ( kasserer), Solvor Heggli ( sekretær), Vivi-Ann Haukås og Bjørg Kleppe ( styremedlemar), Eli Skavnes og Gerd Drageseth ( vara).

Valldal Bygdekvinnelag er heldige og har to kvinner med i styret. Det er Nelly Ytterli og Bjørg Kleppe. Begge to hadde fleire oppgåver under møtedagane, og alt gjekk som planlagt. I tillegg hadde laget vårt med 3 representantar, det var Anne Nygård, Solveig Linge Stakkestad og Judith G. Krogh.

Årsmøtesakene vart på søndag, og på laurdag  var det ein del informasjon frå både distriktslaget og NBK. Vi fekk også eit videoinnslag frå ordførar Eva Hove om Frivillighetsåret 2022. Det fungerte veldig bra og var interessant å høyre på. 

Det vart også eit innslag om Tingvoll Ull ved Rose Bergslid. Dei vil bruke norsk ull og lage ullklede i flotte mønster med naturfarga ull. Ei nystarta bedrift med spennande produksjon.

Vi fekk også ein presentasjon av Samrådingsmøtet for 2022.  Det er Jora Bygdekvinnelag som skal arrangere dette på Vangshaugen siste helga i august.

Kvelden vart avslutta med nydeleg festmiddag. Det vart mykje prat, men også opplesing, sang og morosam kviss.

Søndag starta vi kl 9, så det var full fart med årsmøtesakene.

Kl 13.30 vart årsmøtet avslutta med nydeleg lunchbuffet. Så då var det trøtte, men fornøgde damer som sette kursen heimover.

--- 

Legg ved filene med framlegg til val, rekneskap, årsmelding o.l. 

Valet vart samrøystes etter framlegget. 

Foto: Bjørg Kleppe og Judith G. Krogh

arsmote_distr.2022.pdf program_arsmote_2022.pdf arsmelding_distr._2022.pdf