Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Gratulerer med 70-årsdagen, Vigdis !

Gratulerer med 70-årsdagen, Vigdis !

Her er ordstyrar Mette Valldal, leiar Solveig Linge Stakkestad og vår supre skrivar Sunneva Linge!

Her er ordstyrar Mette Valldal, leiar Solveig Linge Stakkestad og vår supre skrivar Sunneva Linge!

God Koronaavstand mellom oss!

God Koronaavstand mellom oss!

Val og årsmelding vart gjennomgått!

Val og årsmelding vart gjennomgått!

Vi var vel 15 medlemar som møtte opp.

Vi var vel 15 medlemar som møtte opp.

Vi er heldige - Solveig Linge Stakkestad tok gjenval som leiar.

Vi er heldige - Solveig Linge Stakkestad tok gjenval som leiar.

Jordbærstova serverte nydelege karbonadesmørbrød og eplekake med krem til kaffien!

Jordbærstova serverte nydelege karbonadesmørbrød og eplekake med krem til kaffien!

Årsmøte i Vbk.

 

Torsdag 5. november var det klart for årsmøte i Valldal Bygdekvinnelag. Mette Natland Valldal vart vald til ordstyrar og styrte med stødig hand.

Leiar Solveig presenterte årsmeldinga, og det var utruleg mykje vi hadde gjort dette året sjølv om alt ikkje gjekk etter planen pga Korona. 

Kasserar Nelly Ytterli la fram rekneskapen. Den var revidert og godkjent.

Valnemnda hadde gjort godt arbeid,  og mange var velvillige og ville stille på både i styret og i gruppene. - Dette kan du lese meir om i referatet som skrivar Sunneva har laga klart. 

Jorbærstova stilte som vanleg opp med god avstand mellom sitjeplassane, god mat og drikke. 

 

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I VALLDAL BYGDEKVINNELAG
kl. 18 torsdag 5. november 2020 på Jordbærstova.     13 møtte.

 

Leiar Solveig Linge Stakkestad las to dikt og ynskte velkomen.

Det vart ikkje "Samlesong" i år på grunn av Covid-19.

 

ÅRSMØTESAKER 

Sak 1              Konstituering

                        Innkalling og sakliste - godkjende utan merknad

                        Møteleiar - framlegg om Mette N. Valdal - samrøystes vald.

                        Referent - framlegg om Sunneva Linge - samrøystes vald.

                        To til å skrive under møteboka - framlegg om Vigdis D. Mork

                        og Randi H. Heggen - samrøystes valde.

 

Sak 2              Årsmelding for VBK og undergruppene v/ Solveig Linge Stakkestad

                        Vigdis D Mork frå Kafegruppa og Randi H. Heggen  frå Nyføddgåve

                        fortalde også litt frå sine grupper.

                        Eva Muribø gav ros for stor aktivitet i laget sjølv om det var Koronatid.

                        Merknad: Påskehelsinga, ei skål med stemor til alle medlemer, var

                        utegløymd. Årsmeldinga vart godkjend med denne merknaden.

                       

Sak 3              Rekneskap v/ Nelly Ytterli

                        Inntekt kr 99493. Utgifter kr. 131241,41. Samla sum i banken                                      kr 222373,24. Sansehagekonto kr.9783,20.

                        Fredagskafe kr 614. Boksal kr 800. Grasrotandel ca. kr 8200.

                        Momskompensasjon kr 6214. Kulturmidlar kr 3000.

                        VBk har sponsa m.a.  Søndagsmiddag, Fjordhotellmøte, sommaravslutning,

                        Helsesista, tettstadutvikling, Sansehagen, Lucas til ambulansen.

                        Mette Valdal støtta pengebruken, sjølv om laget brukte meir enn vi tok inn.

                        Vi har romsleg økonomi  på grunn av Seterboksal.

                        Rekneskapen var godkjend av revisorane. og vart godkjend av årsmøtet.

                         

Sak 4              Arbeidsplan

                        Kort orientering ved Bjørg S. Kleppe

                        Arka vart lagde ut på borda, medlemene kunne krysse av for det dei likte, og ev. leggje til noko . Arka vart samla inn seinare av         styret .                

Sak 5              Kontingent

                        Framlegg frå styret om uendra sats, lokalkontigent framleis kr 0.

                        Samrøystes vedteke.

 

Sak 6              Saker frå styret/ medlemene/ open post

                        Judith G. Krogh Kom med ynske om eit førjuls "Syng med oss" på stova til dei som bur i Trygdeavdelinga.  Aktiviteten her er no     stoltrim.  

                        Sjukeavdelinga har "Syng med oss". Bjørg orienterte om "Hyggjestunder" på VTS. Det var søkt om pengar til dette, og dei tre avdelingane ynskte seg                     ulike aktivitetar. Eit ekstra "Syng med oss" krev sponsing av VBK.

 

 

Sak 7             VAL v/ Turid Aspehjell frå valnemnda.

                        STYRE            Solveig Linge Stakkestad leiar        2020 - 2021 attval

                                               Nelly Ytterli                                       2020 - 2022 attval

                                               Mette Marie Døving                         2020 - 2022 attval

                                               Bjørg Sætren Kleppe                        2019 - 2021 ikkje på val.

                                               Elin B. Smoge                                    2019 - 2021 ikkje på val.

 

                        1.vara:           Sunneva Linge                                  2020 - 2021 attval

                        2.vara:           Eva Bergdahl Muribø                       2020 - 2021 attval

                        3.vara:           Mette Natland Valdal                       2020 - 2021 attval

                        4.vara:           Else Rødal                                         2020 - 2021 attval

 

            KAFEGRUPPE           Vigdis D. Mork, Liv Eldri Båtnes, May Berli, Bodil Døving

                                                                                                          2020 - 2021

           

            TUR OG AKTIVITETSGRUPPE

                                               Bjørg Sætren Kleppe (Styret)          2020 - 2021

                                               Petra Jemtegård,Gerd Myren Hoel 2020 - 2022                          

            HEIMESIDE               Judith G: Krogh                                 2020 - 2021

 

            SANSEHAGEN           Judith G. Krogh, Else Rødal              2020 - 2021

 

            SYNG MED OSS         Astrid Bakke Andersen                    2020 - 2021

 

            NYFØDDGÅVE          Randi Hole Heggen                          2020 - 2021

 

            REVISORAR              Kristin V. Hjelme, Mette N. Valdal   2020 - 2021

 

            VALNEMND              Turid Aspehjell                                 2018 - 2021

                                               Signe Brenna                                    2019 - 2022

                                               Gerd Myren Hoel                              2020 - 2023

            Alle vala var samrøystes.

 

 

            MAT: Karbonadesmørbrød og eplekake - svært godt.

            Prøysenforteljing lesen av Bjørg under middagen.

            KVISS v/ Mette. Signe og Turid vann trekninga om premien.

            TREKNING  v/ Nelly. Styret m/vara stod for gevinstane denne kvelden.

            LEFSEKURS orientering v/Nelly. Det blir potetlefsekurs.

            ADVENTSKALENDER frå fylket  Orientering v/ Nelly.

            Medlemer kjøpte med seg kalendrar heim., kr 100 pr. kalender.

            70  ÅRS HELSING  - blomar og vers til Vigdis D. Mork v/ Solveig.

            Nelly har også fått blomehelsing nyleg. Ho takka for det.

            Så var det TAKK FOR I KVELD og vel heim. Kjekt å møtast !

 

 

            Sunneva Linge skrivar

           

referat_fra_arsmote_i_valldal_bygdekvinnelag_1.pdf