Årsmøtesaker 2024
Val av leiar er ofte vanskeleg å få på plass, men i laget vårt var vi heldige, nestleiaren Bjørg Kleppe, sa seg villig til å overta. Hurra!! Solveig har vore leiar i Vbk i tilsaman 15 år. Ho har vore medlem i heile 52 år! Ho har også vore leiar i Distriktsstyret for Møre og R. i 6 år, og 6 år i landsstyret. Takk for god innsats, og eg veit at du blir med oss vidare.
Her kjem årsmøtesakene:
Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling vart annonsert i god tid til medlemmane gjennom e-post/brev. Ingen hadde
merknader.
Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknad.
Sak 2 Val av møteleiar
Styret hadde framlegg om Mette Natland Valdal som vart samrøystes vald.
Mette tok deretter over gjennomgangen av sakene.
Sak 3 Val av referent
Styret hadde framlegg om Magnhild Grønningsæter som vart samrøystes vald.
Sak 4 Val av 2 til å skrive under møteboka
Det kom framlegg om Vigdis Mork og Linda Myren som vart samrøystes valde.
Sak 5 Årsmelding inkludert undergruppene v/leiar Solveig Linge Stakkestad
Årsmeldinga vart delt ut, og leiar las gjennom den punkt for punkt.
Nokre få merknader knytt til namn og hending som er utegløymt, dette blir retta opp.
Linda har teke over ansvaret for «syng med oss» i løpet av året. I samråd med Judith og
Carolin har dette fungert veldig bra, med oppsett plan over faste dagar utover sommaren og
hausten.
Randi har hatt ansvaret for nyføddgåver også dette året, og det seiest at 2024 har vore eit år
der mange slike gåver har blitt/blir delt ut. Gledeleg!
Judith viste korleis dokumentasjon av tekst og bilete frå heimesida no er lagra på ein ekstern
harddisk i tillegg til på datamaskin. Her ligg alt lagra fom. 2016.
Elles ingen særlege tilbakemeldingar frå undergruppene.
Årsmeldinga vart samrøystes godkjent med dei merknader knytt til korrigeringar som vart
kjent.
Sak 6 Rekneskap 2023/2024 v/kasserar Petra Jemtegård og rekneskapsførar Berit
Fredriksen
Det vart ikkje delt ut eller vist eit eksakt oppsett over rekneskapet, kasserar og
rekneskapsførar orienterte munnleg om økonomien i laget.
Laget har hatt gode inntekter gjennom året.
Inntekter frå olskokarrangementet 2023 er ført på noverande rekneskapsår, medan
inntekter frå arrangementet i 2024 kjem på komande rekneskapsår.
Laget er takksame for minnegåver som har blitt gitt.
Inntekter frå sal av julekalender har også gitt eit verdfullt tilskot til økonomien.
Økonomien i laget synest bra, med eit overskot dette året.
Det er eigen konto for sansehagen, som gjennom året har gått med eit lite underskot.
Alt i alt har laget pengar på bok som blir plassert der det er mest gunstig mtp.
renteinntekter.
Revisorane har gått gjennom rekneskapen utan merknader.
Rekneskapen for 2023/2024 vart samrøystes godkjent av årsmøtet.
Sak 7 Arbeidsplan 2024 v/Bjørg Sætren Kleppe
Utkast til halvårsplan vart delt ut. Det vart lufta eit forslag om at laget burde engasjere seg i
eit bestemt prosjekt, relatert til kva eit bygdekvinnelag har som sine føremål.
Medlemmane vart oppfordra til å kome med innspel og forslag aktivitetar og melde desse
inn til Bjørg. Alt dette vert jobba vidare med i styret.
Saka vart teken til orientering
Sak 8 Budsjett v/kasserar og rekneskapsførar
Rekneskapsførar orienterte om kva dei føreset i eit førebels budsjett for komande år på. Ein
auke i ugiftspostane og mindre inntekter. Styret må ta stilling til eit budsjettforslag og
justere det til aktiviteten det blir lagt opp til.
Ingen merknader til dette, saka vert teken til orientering og styret følgjer opp vidare.
Sak 9 Kontingent
Saka utgår. Etter nytt landsmøtevedtak skal ikkje lokallaga behandle sak om
lokallagskontingent.
Sak 10 Saker frå styret/medlemmar
Dette blir sett på i samanheng med årsplanen. Ingen saker melde inn på førehand.
Sak 11 Val
Framlegg frå valnemnda v/May Berli vart delt ut.
May orienterte om arbeidet og gjekk gjennom forslaga frå valnemnda:
Leiar: Bjørg Sætren Kleppe 2024-2025
Styremedlem: Gerd Myren Hoel 2024-2026
« Magnhild Grønningsæter 2024-2026
« May Vivi Berli 2024-2026
Som siste styremedlem; Mette Natland Valdal (2023-2025), ikkje på val.
Vara: 1. vara - Mette Marie Døving , for eitt år 2024-2025
2. vara - Solveig Linge Stakkestad , for eitt år 2024-2025
3. vara - Linda Myren , for eitt år 2024-2025
4. vara - Eva Bergdal Muribø , attval 2024-2025
Alle under blir også valde for eitt år, 2024-2025:
Kafègruppa: Liv Eldrid Båtnes Storås, Aase Opskar, Bodil Døving, Rigmor Vågenes
Nelly Ytterli, Solveig Linge Stakkestad
Heimesideansvarlig: Judith Krogh attval
«Syng med oss»: Linda Myren + 1 person som ansv.hjelpar
Vigdis Mork sa seg viljug til dette.
Sansehagen: Judith Krogh attval
Anne Nygård attval
Nyføddegåve: Randi Hole Heggen attval
Tur/aktivitetsgruppa: Gerd Myren Hoel attval
Kristi Linge Stakkestad attval
Her må styret velje ein 3. person.
Revisorar: Randi Hole Heggen attval
Anne Nygård
Valnemnda kom ikkje med forslag til ny valnemnd. May Vivi Berli går ut.
Vigdis D. Mork er vald for 2022-2025 og Sunneva Linge for 2023-2026.
Årsmøtet måtte finne ein ny person til valnemnda som skal vere til 2027.
Forslag på Inger Gilje Sandnes som nytt medlem av valnemnda 2024-2027,
ho sa seg viljug til dette.
Alle val vart samrøystes vedtekne av årsmøtet slik dei låg føre.
Ellers tilrår valnemnda at praksisen med støtte til eit felles måltid, som takk for innsaten,
blir vidareført.