Blåtur !
Måndag 19. november var det klart for Blåtur for Bygdekvinnelaget.
Vi møttest kl. 16.15 på kaia på Sylte. Det var heile 25 påmelde, så vi fekk reise med eigen stor, god buss.Turen gjekk utovermot Ålesund,og vi plukka opp nokre damer i Stordal også. Første stopp vart på nyavdelinga på Moa, der vart det middag i Vinterhagen. Koseleg eteplass med god og rimeleg mat.
Turen gjekk vidare innover mot Emblem, kva skulle vi gjere der tru ?
Vegen var ikkje så god for ein stor buss, men til slutt kom vi fram til ein gard som var fint julepynta. Der skulle vi besøke ei familiebedrift som laga handlaga sjokolade.Bedrifta heitte Pralina som betyr konfekt.
Vi fekk omvising og presentasjon av bedrifta av Trude Huse. Ho fortalde at dei starta opp i 2014, og ville prøve å bruke lokale råvarer som fyll i konfekten.Dei laga både mørk og lys sjokolade, og også kvit Dei brukte m.a. bringebær og jordbær frå Valldal og havsalt frå Romsdalskysten.Vi fekk sjølvsagt smaksprøver og der var meykje godt. Vi likte godt ein julesjokolade med julekrydder i, Men elles var det med peanøtter, salt, krokan, karamell,molte og mykje meir !
Ho fortalde at heile familien hjelpte til i periodar med å brette esker og i arbeidet med pakking. Det vart sjølvsagt også tid til litt sjokoladehandel, så no blir det litt godbitar til jul !
Mette og gode stte vi oss i bussen på veg heim, og alle var enige om at dette var kjempekjekt ! Vi må ha fleire Blåturar. Tusen takk til Nelly og gjengen som organiserte !