Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Blåturen 2019 - her var vi !

Blåturen 2019 - her var vi !

20 damer ventar på kaia i strålande ver - nærare 30 grader!

20 damer ventar på kaia i strålande ver - nærare 30 grader!

Målet er nådd: Devoldfabrikken i Langevågen.

Målet er nådd: Devoldfabrikken i Langevågen.

Fint pådekka bord i Kølbua. Vi var svoltne!

Fint pådekka bord i Kølbua. Vi var svoltne!

Nydelege karbonadar, salatar, focacciabrød mmm, smakte fortreffeleg!

Nydelege karbonadar, salatar, focacciabrød mmm, smakte fortreffeleg!

Ein flott gjeng!

Ein flott gjeng!

Gunn Skotheimsvik Årdal tok imot oss og fortalde historia om industreventyret til Devold.

Gunn Skotheimsvik Årdal tok imot oss og fortalde historia om industreventyret til Devold.

Berre ein halv time til å sjå oss rundt, men nokre handleposar vart det likevel!

Berre ein halv time til å sjå oss rundt, men nokre handleposar vart det likevel!

Blåtur!

 

Blåturen 2019!

Tysdag 27. august venta 20 spente damer frå Bygdekvinnelaget på kaia i Valldal. 4  bilar sette kursen utover mot Ålesund, og det kom mange forslag på kvar vi skulle. Vi enda altså på Devold i Langevågen i nydeleg, varmt ver. Men vi skulle på Kølbua, og der var det svalt og godt.

Vi vart godt mottatt av Gunn Skotheimsvik Årdal og fekk nydeleg mat.

Ho fortalde så historia om korleis Niels Devold frå Romsdalen fekk opplæring i veving og farging, flytta til Ålesund og starta i 1818 ei verksemd der. Men det vart sonen, Ole Andreas Devold som vart den store industribyggaren. Han fekk utdanning i Tyskland, og kom heim med det nyaste mekaniske utstyret for strikking av luer og skjerf i 1849. I 1853 bygde dei den første fabrikken i Skaret i Ålesund og dette blir rekna som bedrifta sitt startår.

Viktige produkt i starten var raudlua og vottar til fiskerane, seinare er dei også kjende for islender og blåtrøyene. Dei har utvikla eige garn av ulike kvalitetar og produsert ei lang rekke produkt av vevde og strikka ullvarer, frå finare tøystoff, møbelstoff og undertøy til strikka plagg og tepper. 

Lokala i Ålesund vart for små, og det vart nybygg i Langevågen. Det budde då berre 15 personar der! - Devold var tidleg ute med tanke på dei mest moderne oppfinningane, i 1882 bygde han landets første kraftstasjon for elektrisk straum. Året etter, i 1883, lyste den «moderne glødelampe» for arbeiderane i Devold-fabrikken, berre fire år etter at den var oppfunnen av Thomas A. Edison. I 1892 – året etter at Graham Bell sto for oppfinninga av telefonen, hadde Devold telefonkontakt mellom produksjonen i Langevåg og kontora i Ålesund. Imponerande!

På det meste jobba 800 personar i fabrikkane, men det vart dårlege tider og fabrikken vart nedlagd i 1988. 

Egil Flakk overtok tekstilbedrifta Devold i 1988 og i dag er verksemda videreført i avansert sportsundertøy, stillongs og ullgenserar i Devold of Norway AS. Produksjonen er flytta til Litauen, Men Flakkgruppa ville utnytta området betre og fekk Snøhetta til å lage ein plan for utvikling og renovering.Det har blitt eit spennande kjøpesenter der ein kombinerer gamalt og nytt, og der det er plass til handverkarar og kunstnarar. Eit museum er også i stadig utvikling.

Tida gjekk altfor fort, så vi hadde berre ein halv time før stengetid. men nokre gjorde gode kjøp, men vi skulle gjerne hatt meir tid til å sjå oss rundt. Det får bli ein annan gong.

Tusen takk til dei som planla dette for oss, - vi kosa oss !