Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Klar for Blåtur i nydeleg ver!

Klar for Blåtur i nydeleg ver!

Den åttekanta Rosekyrkja frå 1789.

Den åttekanta Rosekyrkja frå 1789.

Kristian Almås fortalde og viste oss rundt.

Kristian Almås fortalde og viste oss rundt.

På denne sida var dei 12 apostlane avbilda. Flott preikestol!

På denne sida var dei 12 apostlane avbilda. Flott preikestol!

Her ser vi David og Goliat.

Her ser vi David og Goliat.

Nydeleg dag i Stordal.

Nydeleg dag i Stordal.

Petra ynskjer velkomen. - Takk til Petra og Gerd for ein triveleg tur.

Petra ynskjer velkomen. -Takk til Petra og Gerd for ein triveleg tur.

Nydeleg fiskesuppe med lokale ingrediensar.

Nydeleg fiskesuppe med lokale ingrediensar.

Maten smakte!

Maten smakte!

Praten gjekk også om kva som skjer vidare utover hausten.

Praten gjekk også om kva som skjer vidare utover hausten.

Blåtind, - takk for denne gong!

Blåtind, - takk for denne gong!

Blåtur 2021.

 

Tysdag14.09.21 var det klart for årets Blåtur! 

!4 damer hadde meldt seg på, - og vi møttest på parkeringsplassen på Sylte, spente på kvar vegen skulle gå. Gerd og Petra hadde planlagt det heile, og Gerd var vegvisar. Ho køyrde opp Syltegata, men ned Nyegata og utover Grandane. Mange gjetta på Petrines, men det vart ikkje ferje. Derimot vart det utover mot Stordalen.

Der stoppa vi ved den flotte, gamle, åttekanta Rosekyrkja. Vi vart helsa velkomne av Kristian Almås, som tok oss med på omvisning og forteljing. Kyrkja vart bygd i 1789, og dei flotte måleria ferdige i 1799. Før hadde det stått ei stavkyrkje der, og golvet i midtgangen er truleg frå den. Heile kyrkja innvendig er dekorert, - veggane har liksom tre etasjar. Øverst er bilde med personar og hendingar frå Bibelen, andre etasje hadde vinrankar og meir rosemålingmotiv. Den nederste var grå med buktande element som ikkje var så lett å forstå.

Taket var også dekorert med rosemåling og litt anna. Vi lurte litt på korleis dei på den tida bygde stillas for å måle taket, kanskje måla dei liggande?

Mange hadde ikkje vore i Rosekyrkja før, så det vart ei kjekk stund. Men benkane var smale og harde, og der er ikkje varme i kyrkja, så det var godt å kome ut i sola og i bilane.

Og no gjekk turen framover dalen igjen, og vi stoppa på Blåtind. Der fekk vi servert nydeleg fiskesuppe med kortreist sjøaure og steinbit, og desserten var jordbærsorbet ( frosne jordbær frå Valldal) og litt jordbærbitar.

Petra ynskte velkomen med ei koseleg forteljing om spurvefamilien ho hadde blitt så gode vener med i sommar. Ho oppmoda andre om å fortelje sine historier, og det vart mykje kjekt å høyre. På programmet var også ein quiz som Gerd hadde laga. Ganske lett sa ho, men på mitt lag vart det iallfall mest tipping! - Men kjekt var det, og no veit sikkert alle at den største øya i Fjord kommune heiter Hindenburg!

Vi fekk også litt info frå styret, m.a. om adventskalenderane vi skal selje til inntekt for både for lokal- og fylkeslag.

Det vart ei triveleg stund i lag! - Tusen takk til komiteen Gerd og Petra!