Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Flott utsikt på Juvet.

Flott utsikt på Juvet.

Låven er brukt som selskapslokale.

Låven er brukt som selskapslokale.

I første etasje av låven er det uteplassen med sitjeplassar.

I første etasje av låven er det uteplassen med sitjeplassar.

Kokken, Christoffer Schønfeld orienterer om garden og hyttene på Juvet

Kokken, Christoffer Schønefeld orienterer om garden og hyttene på Juvet

Christoffer, fortalde om menyen på Juvet. Bruker kortreiste råvarer.

Christoffer fortalde om menyen på Juvet. Bruker kortreiste råvarer.

Imponerande! Fermenterte lokale grønsaker til vintersesongen.

Imponerande! Fermenterte lokale grønsaker til vintersesongen.

Grønnsaksuppa av grønsaker frå Storstova putra fint ute i bålpanna..

Grønnsaksuppa av grønsaker frå Storstova putra fint ute i bålpanna..

Fint pådekka med heimelaga flatbrød, vatn og eplemost.

Fint pådekka med heimelaga flatbrød, vatn og eplemost.

Her forsyner dei seg av suppa.

Her forsyner dei seg av suppa.

Gerd overrekte ei lita takkehelsing  frå Bygdekvinnelaget.

Gerd overrekte ei lita takkehelsing frå Bygdekvinnelaget.

Neste stopp . Storstova på Valldal hos Hegelin Waldal.

Neste stopp . Storstova på Valldal hos Hegelin Waldal.

Hegelin forklarer om kvitløk og andre grønsaker dei har på garden.

Hegelin forklarer om kvitløk og andre grønsaker dei har på garden.

Godt humør i gjengen.

Godt humør i gjengen.

Dei fekk smake på oppskorne grønsaker og nydeleg dipp.

Dei fekk smake på oppskorne grønsaker og nydeleg dipp.

Fargerike grønsaker.  Nam - nam! - Du kunne kjøpe med heim.

Fargerike grønsaker. Nam - nam! - - Du kunne kjøpe med heim.

Blåtur i bygda vår, - fantastisk!

BLÅTUR
Søndag 11.september - 22
Møteplass var Syltetorget, og vi var 14 påmelde. Turkomiteen med Gerd og Petra førte
oss  til Juvet landskapshotell. Her vart vi møtt av kokken, Christoffer Schønfeld.
Han guida oss gjennom den store ombygde låven med matsal, møterom og utestove i 1. etasje.
Alle romma var fint sette i stand og innreia. I matsalen stod m.a. eit langt lokalsnekra furubord og
gamle staselege salongar. Møterommet hadde langbord og stolar, langbenkar langs veggene og
fire store tova ullteppe på veggene Teppa dempa gjenlyd. Utestova hadde mange korgmøblar 
med mjuke sauefellar og glasgjerde i stolhøgde til vern i to opne veggar. Det var flott utsyn mot Valldøla
frå  både utestove og møterom.
Matkjellaren hadde rader med nedlagte lokale grønsaker på glas, dessutan flasker med diverse
blandingar til å bruke i maten. All mat vart innkjøpt mest mogleg lokalt.
Maten fekk vi servert i eit eige bygg, der suppegryta stod og putra på tunet ute. Det var grønsaksuppe laga av lokale grønsaker kjøpt hos Hegelin Waldal. Så var det kaffi med heimebaka lefser som Petra hadde med.
På heimvegen var vi innom Hegelin for å sjå kva sortar ho dyrka til sal. Det var mangt og mykje, - gulrøter , og blomkål i fleire fargar, grønkål, knutekål, asparges, dill, tomat, chili m. m.  Og fleire blomar som kunne etast og vere pynt på maten. 
Det stod bollar med grønsaker  og skåler med dipp på eit bord. Der fekk vi smake både gamle og nye grønsaker.
Det vart ein kjekk kveld, - stor takk til turkomiteen Gerd og Petra, og til Christoffer på Juvet og Hegelin på Storstova som tok så godt imot oss!

Kjekkaste Blåturen, fekk vi høyre. Så vi treng ikkje reise langt for gode opplevingar.

Skrivar: Sunneva Linge

Foto: Bjørg Kleppe og Nelly Ytterli