Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Alle vart køyrde fram, men gjekk ein liten tur før maten.

Alle vart køyrde fram, men gjekk ein liten tur før maten.

Fine blåbær vaks der langs vegen,- smakte visst godt!

Fine blåbær vaks der langs vegen,- smakte visst godt!

Grillinga er i gang,- gode pølser med tilbehør.

Grillinga er i gang,- gode pølser med tilbehør.

Godt kledde sjølv om det var fint i sola.

Godt kledde sjølv om det var fint i sola.

15 damer var med på denne kjekke Blåturen.

Blåturen 2020.

1.09.20

Turen vart til gapahuken på Omenåssetra. 15 damer tok turen i nydeleg septemberver. Det vart skikkeleg grilltur med pølser og mykje godt tilbehør! Etterpå vart det kaffitid med gulrotkake og litt popcorn og potetgull!

Aktivitetsgruppa hadde også denne gongen laga gruppeoppgåver.  Dei skulle mime songar dei fekk oppgitt, og dette var skikkeleg moro! Elles vart det diktlesing og mykje god prat.

Foto: Bjørg Kleppe