Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Valldal Bygdekvinnelag 90år.

Valldal Bygdekvinnelag 90år.

Forfattar Randi Flø, fortel om boka og dei første åra i laget.

Forfattar Randi Flø, fortel om boka og dei første åra i laget.

Godt frammøte,- ca 40 kvinner og menn kom og var med.

Godt frammøte,- ca 40 kvinner og menn kom og var med.

Flott kake med boka og roser som pynt frå Sylteormen Bakeri.

Flott kake med boka og roser som pynt frå Sylteormen Bakeri.

Ei interessert forsamling.

Ei interessert forsamling.

Solveig ynskte velkomen og fortalde om opptakta til boka.

Solveig ynskte velkomen og fortalde om opptakta til boka.

Sylte hotell passa godt til ein 90-åring.

Sylte hotell passa godt til ein 90-åring.

Aase studerer boka vår.

Aase studerer boka vår.

Aksel Døving fann slektningar og kjende i boka.

Aksel Døving fann slektningar og kjende i boka.

Solveig med bilde av Marta Linge som starta laget og var formann i 27 år.

Solveig med bilde av Marta Linge som starta laget og var formann i 27 år.

Blomster og fine takkeord til Randi Flø.

Blomster og fine takkeord til Randi Flø.

Petra Jemtegård ordnar med boksalget! - Kasserar no og for 40 år sidan!

Petra Jemtegård ordnar med boksalget! - Kasserar no og for 40 år sidan!

Boklansering for Valldal Bygdekvinnelag 90 år!

Då Valldal Bygdekvinnelag skulle feire 90-årsjubileum i 2022, kom tanken om å få laga ei bok med bilde og tekstar frå dei gamle protokollane.

Randi Flø vart kontakta, og dei laga ei gruppe som arbeidde med planane og samla stoff. På gruppa var Randi, Solveig Linge Stakkestad, Petra Jemtegård og Mette Marie Døving.

Torsdag 8.12.2022 var det klart for bokslepp, og då passa det å invitere til Sylte hotell. Der var det klart med kaffi og marsipankake, og vi vart veldig glade for at bygdefolket stilte opp. Omlag 40 var innom dørene, og dei såg på bøkene og fann slektningar eller kjende som no er borte. Mest interessant var det sjølvsagt at forfattaren, Randi Flø, viste bilde og fortale om boka. 

Ho var veldig imponert over det ho hadde funne ut i dei gamle lagsbøkene, og stiftaren av laget , Marta Linge, var litt av ei dame. Laget vart starta i 1922, og fekk raskt mange medlemar frå heile dalen.  Marta var leiar i heile 27 år, og dei hadde kursvirksomheit og  arrangerte festar for å få inn pengar til m.a. kyrkja og kyrkjegarden. 

Ho kunne fortalt mange historier, men dei får de finne i boka sjølve! 

Randi fekk applaus, blomster og gode takkeord frå Solveig.

Boka er til sals hos Bygdekvinnelaget, og blir også seld i gangen ved Sylteormen bakeri , laurdag 10.12.22 frå kl 11 og ut dagen.  Boka kostar 300 kr.