Bygdebrunsj
Søndag 2. november kl 11 var det klart for eit prøveprosjekt for Valldal Bygdekvinnelag. Vi inviterte til Bygdebrunsj på klubbhuset med mykje god, heimelaga mat, - og alt var gratis.
Leiaren vår, Bjørg Kleppe, ønskte velkommen til første pulja, og gav dei også høve til å kjøpe julekalender, der inntekta går til laget og distriktslaget.
Vi var veldig spente på oppmøtet, men gleda var stor då vi trur nærare 100 store og små var innom og forsynte seg.
Vi var 16 medlemar som laga til, pynta, kokte kaffi, organiserte mat, drikke og utstyr. Alle bidrog også med brødmat av fleire slag og/eller noko godt å ha til/på brødet.
Drikke og diverse anna vart kjøpt inn av laget.
Det såg ut som folk kosa seg med maten og praten, og vi fekk mange lovord.
Vi som laga til hadde det også kjekt, og vi prøver kanskje ein gong til?
Sjå link
Velkomen til Bygde-brunsj