Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Fredheim i Fjørå

Fredheim i Fjørå

Det var Bjørg som leia møtet denne gongen.

Det var Bjørg som leia møtet denne gongen.

Veldige gode kaker!

Veldige gode kaker!

Vigdis med si spennande historie

Vigdis med si spennande historie

Bygdekvinnekveld

Onsdag 9. april var det klart for Bygdekvinnekveld i Fjørå. 14 damer inntok Fredheim, og der hadde bygdefolket gjort mykje oppussingsarbeid siste året. Vi var på synfaring, kjøkkenet var oppgradert slik at det passar til utleige, og det var blitt mykje lysare med nytt golv og lyse gardiner i salen.

Bjørg innleidde med tankevekkande dikt, og Vigdis sat i stolen og fortalde historia si. Spennande å høyre korleis tilfeldigheiter ofte styrer livet vårt. Dette var 9. april, dagen då tyskerane inntok Norge, og Vigdis fortalde at far hennar, Karl Døving reiste til Finnmark for å hjelpe til med oppbygginga der etter krigen. Der trefte han ei vene taus, Ane, som han seinare gifta seg med. Kjekt å høyre vidare også!

Vertinnegruppe 2 hadde sjølvsagt laga nydelege kaker som vi kosa oss med. Tusen takk til alle som gjorde dette til ein koseleg kveld med mykje prat!