Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Kjekt rundt bordet i Fjørå

Kjekt rundt bordet i Fjørå

Pølsene smakte godt her også.

Pølsene smakte godt her også.

Poteter, kortreiste tomatar og plommer! Kan det bli betre?

Poteter, kortreiste tomatar og plommer! Kan det bli betre?

Bygdekvinnekveld

Bygdekvinnekveld 27.august 2024
Dette arrangementet var opprinneleg tenkt halde ute i det fri, på Omenåssetra.
Sidan verutsiktene var dårlege, vart det flytta til ungdomshuset i Fjørå der Nelly hadde lagt alt til rette for
å ta imot oss.
Bjørg ønskte velkomen med dikt og informerte om ulikt aktuelt stoff.
Norges Bygdekvinnelag har sendt ut «lokallagsending 2024» til alle medlemmer med nyttig informasjon.
Det vart delt ut eit utkast til aktivitetsplan for 2. halvår, den manglar nokre aktivitetar som ikkje er endeleg
tidfesta enno. Elles vart laget si deltaking i olsokarrangementet og supersommar omtalt, noko som
sikkert vert meir evaluert etterkvart.
Serveringa var av ypperste klasse; Solveig hadde med flotte plommer og tomatar frå Linge.
Petra hadde gjort innkjøpet som skulle vere til grillinga på Omenås, og vi kosa oss med pølser m.tilbehør,
kaffi og nydeleg gulrotkake!
Mange gode historier vart fortalt og tida gjekk fort i godt selskap.
Vi 11 som var der hadde ei retteleg triveleg stund!

Skrivar: Magnhild

Foto: Bjørg