Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Bjørg som ny leiar, nyttig info frå NBK

Bjørg som ny leiar, nyttig info frå NBK

Kjekt rundt bordet.

Kjekt rundt bordet.

Halloweenmuffins! Smakte godt.

Halloweenmuffins! Smakte godt.

Sveler er alltid godt.

Sveler er alltid godt.

Mange gode gevinstar.

Mange gode gevinstar.

Bygdekvinnekveld

Bygdekvinnekveld 28.januar 
Vi møttest på biblioteket til første samling i 2025.
Vertinnegruppe 1 var ansvarleg for tillaging, servering og åresal denne kvelden.
Bjørg ønskte velkomen og las utdrag frå diktet “Livets strikketøy”.
Saker som var opptekne på siste styremøte vart gjennomgått. Sjølv om medlemmane får
tilsendt desse referata er det greitt å formidle kva som vert  prioritert å jobbe med.
Tilsendt “Lokallagsending 2025” frå Norges Bygdekvinnelag vart vist på storskjerm og
gjennomgått. Her er mange ting som laga blir oppfordra å ta del i gjennom året. 
Vertinnegruppa diska opp med sveler og muffins, som smakte fortreffeleg til kaffien.
Åresalet gjekk unna, med mange gevinstar til heldige vinnarar:)
Med mat og drikke, god prat og strikketøy gjekk kvelden fort, og dei 15 som var tilstades fekk
også ei påminning frå leiar om kva fellesskap betyr for oss alle, illustrert gjennom historie om
Tussi og Ole Brum!
Takk til vertinnegruppe 1 for ein hyggjeleg kveld!

Tekst: Magnhild Grønningsæter  (skrivar)

Foto: Judith