Bygdekvinnekveld februar
Bygdekvinnekveld 25. februar
Godt frammøte på medlemsmøte denne gongen, heile 18 medlemmer var til stades.
Bjørg ønskte velkomen og orienterte om nytt frå styret, samt om ulike arrangement i tida som kjem.
Leiar har sendt uttale til kommunen i høve «Strategi for kultur», som skal gje retning for utviklinga av
kulturen i Fjord kommune.
Laget har teke initiativ til prosjekt for opprusting av skulekjøkkenet ved
Valldal skule, noko som vil ha oppstart i nær framtid.
I mars har laget planlagt besøk hos Stolt Mat på Sjøholt, som vil erstatte den oppsette
bygdekvinnekvelden.
Elles var det fleire saker det vart orientert om, m.a. 8.mars-arrrangementet
m.m. Ingen tvil om at det er stort engasjement på fleire område.
Mange gode historier vart fortalt, ein retteleg fin og hyggjeleg kveld.
Vertinnegruppe 2 sytte for god servering, og åresalet gjekk unna med mange fine gevinstar!
Takk til vertinnegruppe 2 for godt vertskap!
Tekst: Magnhild