Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Bjørg introduserer Annett Karluss

Bjørg introduserer Annett Karluss

Annett er klar for stoltrim med damene!

Annett er klar for stoltrim med damene!

Tusen takk til Annett med blomster og drikke frå Linge.

Tusen takk til Annett med blomster og drikke frå Linge.

Servering av nydeleg pastasalat på Muritunet.

Servering av nydeleg pastasalat på Muritunet.

Godt humør på alle mann!

Godt humør på alle mann!

Godt frammøte, - 19 stk.

Godt frammøte, - 19 stk.

Linda ville også ta bilde!

Linda ville også ta bilde!

Bygdekvinnekveld i april

Tysdag 21. april vart bygdekvinnekvelden halden på Muritunet.  Vi fekk besøk av kommunefysioterapeut Annett Karluss som fortalde om seg sjølv og jobben sin. Ho hadde også stoltrim med oss!

Annett er frå Tyskland, ho og sonen kom til Norge i 2010, og i 2015 fekk ho jobb i kommunen vår. Jobbar no som fysioterapeut 2 dagar i Valldal og to dagar i Stordal. Har også ei helgevakt ved Demensavdelinga i Stordal. Bur på Dyrkorn og likar seg veldig godt her og i Norge.

Ho jobbar som fysioterapeut på Valldal sjukeheim og på Stordalstunet, har også ansvar for barn på helsestasjonen og trim for seniorar. Har eitt parti på Martin Lingehuset på fredag kl 9, og to parti i Stordal.

Så var det klart for stoltrim! - Bjørg hadde avtalt at vi trengde å få opp blodomløpet, så då vart beinløft i ulike stillingar,  og hender, armar og skuldrer fekk også bevega på seg. Litt for lattermusklane vart det også. Kjekt å sjå at mykje kan gjerast sjølv om vi sit på ein stol. Inga unnskyldning altså.

Denne gongen kjøpte vi mat på Lupinen, det var god pastasalat med brød og salat til. Nam - nam!

Gerd fekk ordet og orienterte om sommarturen som denne gongen går til Rauma og Isfjorden. Datoen er torsdag 11. juni og info kjem til alle seinare.

Takk til alle som gjorde dette til ein triveleg kveld!