Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Gro Marita frå Fjordhagen orienterte om olsok.

Gro Marita frå Fjordhagen orienterte om olsok.

Magnhild var skjermansvarleg og Bjørg orienterte om sendinga frå Nbk.

Magnhild var skjermansvarleg og Bjørg orienterte om sendinga frå Nbk.

Lokallagssendinga på storskjerm.

Lokallagssendinga på storskjerm.

Stort frammøte og fullt rundt bordet. Veldig kjekt.

Stort frammøte og fullt rundt bordet. Veldig kjekt.

Nydeleg gulrotkake frå Randi.

Nydeleg gulrotkake frå Randi.

Veldig gode sveler frå Signe!

Veldig gode sveler frå Signe!

Bygdekvinnekveld i februar

Tysdag 10. februar var det mange damer (18) samla på Biblioteket i Valldal.

Bjørg ynskte velkomen og gav ordet til Gro Marita Stennes Valdal som no arbeider på Fjordhagen. Ho orienterte om planane for olsokfeiringa, veldig bra med det opplegget som har vore siste åra, og som Bygdekvinnelaget har vore med på. Men dei ville prøve å finne tilbake til noko av tradisjonane i olsokfeiringa. Ho ville gjerne ha tilbakemeldingar, og det fekk ho. Skal også koblast opp mot Valldal 2029 og jubileet for kristninga av Norge.

Lokallagssendinga og gjennomgang av den sto også på programmet. Magnhild fekk sving på storskjermen, og Bjørg kommenterte. 

Solveig og Gerd orienterte også litt om Prosjekt skulekjøkken. Laget gir ei stor pengegåve, og det er no innkjøpt utstyr for ca 60000 kr. Vi vil markere dette  utpå våren, med matlaging og diverse!

Så var det åresal og god mat og kaffi.

Vertinnegruppe 1,-  Signe, Randi og Rigmor ordna opp.

Takk for kjekk kveld!