Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Godt frammøte rundt langbordet.

Godt frammøte rundt langbordet.

Judith viste gamle og nyare slektsbilde frå historia si.

Judith viste gamle og nyare slektsbilde frå historia si.

Linda i farta med ein gevinst.

Linda i farta med ein gevinst.

Gulrotkake, sveler, suksessterte og nylaga søst!

Gulrotkake, sveler, suksessterte og nylaga søst!

Bygdekvinnekveld i september.

Bygdekvinnekveld 17.09.

Denne kvelden var vi mange samla på biblioteket til ei hyggjeleg stund.
Solveig ønskte velkomen og først vart det tent lys og eitminutts stillheit til minne om Inger Sissel Berdal som har gått bort. Inger Sissel var medlem av laget gjennom mange år.

Vidare informerte Solveig om aktuelle lagssaker, aktivitetar og aktuelle program utover hausten.
Vi reiste oss og song bursdagssong til Bodil som nettopp har runda år.

Høgdepunktet i programmet var Judith si forteljing om «historia mi».
Ei levande og gripande innleiing med bilete frå heimplassen til tonar frå Henrik Straumsheim sin song «Heimbygda mi» der forsamlinga song med. 
Judith si forteljing om barndom  og oppvekst frå Blakstad i Sykkylven var gripande å høyre på.
Seinare om vegval gjennom utdanning, stifting av familie, busetting og jobb som enda i bygda her. 
Ei interessant historie som til slutt vart skildra med bilete fråJudith si eiga bok om slekta, ein verdi i seg sjølv!

Vertinnegruppe 4 sytte for kaffi og mat, som vart toppa med Linda sin heimelaga søst!
Åresalet gjekk strykande med god fordeling av gevinstane!

Etter tilbakemelding frå medlemmane vart det bestemt at neste medlemsmøte vert i samband med årsmøtet den 29.10. Oppdatert aktivitetsplan blir sendt ut elektronisk og lagt på heimesida i nær framtid.

Tekst: Magnhild

Bilde: Linda og Judith