Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Ordførar Terese Jemtegård orienterte om Livløpsplanen

Ordførar Terese Jemtegård orienterte om Livløpsplanen

Livsløpstrappa

Livsløpstrappa

Sveler og sjokoladekake smakte godt.

Sveler og sjokoladekake smakte godt.

Bjørg leia møtet med stødig hand.

Bjørg leia møtet med stødig hand.

Sunneva las diktet frå Storfjordnytt, og eit døme på bruk av KI!

Sunneva las diktet frå Storfjordnytt, og eit døme på bruk av KI!

Bygdekvinnekveld oktober

Bygdekvinnekveld på biblioteket tysdag 7. oktober

Det var fullt rundt bordet på biblioteket då vi samlast til oktobermøte denne tysdagen.

Leiar Bjørg ønskte velkomen og Sunneva las dikt som også hadde blitt referert i Storfjordnytt.

Ordførar Terese Jemtegård Moen var invitert til å orientere om Levekårsplanen som er under arbeid

og skisserte kva utfordringar kommunen står framfor i tråd med folketalsutviklinga. Ho framstilte dei

ulike trinna i «Livsløpstrappa» på ein god og forståeleg måte. Kva vi som innbyggjar kan vente at

kommunen legg til rette for, og kva vi som innbyggjarar bør ta ansvar for. Dette i høve til

førebygging, eigenmestring, tilrettelegging og spesialisert hjelp.

I etterkant av orienteringa vart vi oppmoda om å notere ned innspel til «Livsløpstrappa», der vi skulle

skissere forslag til kva som må til for å forebygge, og forslag til eigenmestring.

Mange gode poeng vart notert, og fleire kan etterkvart sendast inn i høyringsfasen. Her er nok å ta

fatt i på vegen vidare!

Leiar orienterte om lagsnytt, om ulike korrigeringar som må gjerast i høve aktivitetsplanen, og

arrangement som er under førebuing. Årsmøtet er sett til 28. oktober, og saker må meldast inn i god

tid.

Vertinnegruppe 4 hadde ansvar for servering og åresal denne kvelden, og baud på god bakst og fine

gevinstar!

Møtet vart avslutta med leiar si framføring av eit dikt av Hans Børli.

Takk for ein innhaldsrik og hyggjeleg kveld!

Skrivar: Magnhild