Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Sol i fjella, snart kjem ho hit!

Sol i fjella, snart kjem ho hit!

Dikthelsing i det nye året 2021.

 

Januar 2021 og vi ynskjer alle eit godt nytt år.

Dette passar bra på ein viss kar borte i Junaiten,

han som skryt mykje - never before har nokon gjort ting så bra -,

og lyg enno meir - 20000 gonger på 4 år -,

som køyrer seg fast med klager, når vala ikkje går hans veg.

Når lygner blir repetert mange nok gonger, trur folk det er sant.

Personar som godkjende val i delstatane har vore drapstrua,

fordi mange trudde vala ikkje hadde gått rett føre seg!

EIT STORT ORD

av Jan-Magnus Bruheim frå Sjåk.

Ein mann som var ti gonger

større enn stor

stod ein gong og tala

og sleppte ut store ord.

Dei trilla bortover

marka så fort -

og når nokon prøvde å ta dei,

trilla dei bort -

Men siste ordet

datt ikkje ned,

for det var så stort

at det sette seg fast

så han gapte kjeften or led.

Der stod han

og visste seg inga råd,

og gapte

så det var eit syn å sjå!

Dei lirka og bende

med staur og spett,

men løyse det ut

var ikkje så lett.

Til slutt laut dei prøve

å bruke krut,

og så fekk dei endeleg

sprengt det ut.

Kvar vart det så av?

Dei stod i ein ring

og undrast. Men ordet

sa ingen ting.

Helsing Valldal bygdekvinnelag