Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Takk for god jobb til Liv Borghild Hildre, Bjørg Kleppe og Nelly Ytterli.

Takk for god jobb til Liv Borghild Hildre, Bjørg Kleppe og Nelly Ytterli.

Frå Kristiansund

Frå Kristiansund

Guide som fortel klippfiskhistoria.

Guide som fortel klippfiskhistoria.

Bacalaoboksar

Bacalaoboksar

Valldalsdamene kosar seg i sola.

Valldalsdamene kosar seg i sola.

Distriktsårsmøte i Kristiansund

Årsmøte i Møre og Romsdal Bygdekvinnelag i Kristiansund, 9.-10.mars.

Valldal Bygdekvinnelag har hatt to styremedlemar denne perioden, Bjørg Kleppe og Nelly Ytterli. Desse gjekk no ut av styret, men var med på å arrangere årsmøtet.

Valldal Bygdekvinnelag hadde 3 utsendingar til årsmøtet denne gongen, Solveig, Gerd og Magnhild. Det vart ei minnerik helg med eit godt samansett program. Laurdagen starta med tur med Sundbåten som tok oss over til Gomalandet og Klippfiskmuseet. Der vart vi møtt av ein framifrå guide som fortalde om arbeidet på klippfiskbrygga som har historie heilt attende til 1700-talet. Ein stor bragd av alle dei kvinner som hadde sin lange og kalde arbeidsdag med handtering av fisken i prosessen fram mot salting og tørking. Eit besøk som er verdt å anbefale for fleire!

Vidare fekk vi eit givande foredrag om det å vere «medmenneske i beredskap» ved Sindre Stabel Kulø. Eit foredrag til ettertanke.

Til hausten er det under planlegging ei distriktssamling i Hustadvika kommune. Fire lag skal samarbeide om denne samlinga, dei presenterte førebels opplegg. Samlinga er tenkt i september. Dagen vart avslutta med middag der vi saman med deltakarar frå Ørskog bygdekvinnelag fekk bryne oss på qviss.

Søndag var avsett til formelt årsmøte. Nelly og Bjørg som har site i distriktsstyret var på val dette året og vart takka av for innsatsen dei har gjort. Dei hadde også innlegg på årsmøtet; Bjørg som opna med «ord for dagen», og Nelly som informerte om arbeidet som er lagt ned med Julekalenderen og korleis ein best kan organisere dette i tida som kjem. Liv Borghild Hildre vart takka av som leiar; ny leiar vart einstemmig vald etter forslag frå valnemnda; Grete Uran frå Ålvundeid Bygdekvinnelag.

Tekst og foto: Magnhild Grønningsæter og Gerd Myren