Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Så nydeleg var det på Hustavika Havhotell!

Så nydeleg var det på Hustavika Havhotell!

Valldalsdamene på Svevestien ved Atlanterhavsveien

Valldalsdamene på Svevestien ved Atlanterhavsveien

Klare for middagen!

Klare for middagen!

Bjørg er framme ved Skotten Skytterhus på Farstad

Bjørg er framme ved Skotten Skytterhus på Farstad

Fjellet på Farstad!

Fjellet på Farstad!

63 medlemmer var påmelde, - fullt hus!

63 medlemmer var påmelde, - fullt hus!

Vi tok lodd på 80 flotte gevinstar.

Vi tok lodd på 80 flotte gevinstar.

Flotte haustdekorasjonar fleire stader i huset.

Flotte haustdekorasjonar fleire stader i huset.

Årets lunchbord med cabareter, mange salater, kjøtt og fisk og nydeleg gjærbakst!

Årets lunchbord med cabareter, mange salater, kjøtt og fisk og nydeleg gjærbakst!

Atlanterhavsveien.

Atlanterhavsveien.

Ein liten spasertur på Svevestien.

Ein liten spasertur på Svevestien.

Fine hytter du kunne leige.

Fine hytter du kunne leige.

Takk til leiarane for arrangørlaga!

Takk til leiarane for arrangørlaga!

Odd Arne Halås som underheldt med historier og allsang.

Odd Arne Halås som underheldt med historier og allsang.

Takk til Hustavika! Vi kjem gjerne igjen!

Takk til Hustavika! Vi kjem gjerne igjen!

Distriktssamling i Hustadvika

VELKOMMEN TIL HUSTADVIKA.

Først vil eg rette stor takk til medlemmane av dei fire laga for eit kjempeflott arrangement! - Skytterhuset var nydeleg pynta, maten var heilt utruleg, - velsmakande, eit syn for auge og gane, og i rikelege mengder!  Vi vart godt mottekne og programmet gjekk strålande!

Nydeleg ver var også bestilt og levert!

Hustad BKL, Farstad BKL, Vassenden BKL og Indre Fræna BKL. arrangerte Distriktssamling 2024 for Møre og Romsdal i Hustadvika.

Vi møttest kl. 11.00 for registrering og mykje godt å bite i.  Dette var på Skotten Skytterhus på Farstad. Det var 63 frammøtte, 5 av dei frå Valldal.

Varaordføraren, Kjell Johan Berget, ynskte velkomen til kommunen og orienterte  om kva kommunenen kunne by på av interessante ting. 

Deretter fekk vi høyre om inkludering gjennom stiftelsen JoinUs. To tidlegare Moldespelarar, Knut Olav Rindarøy og Marcus Andreasson starta i 2021 ein organisasjon for barn og ungdom. Dei tilbyr aktivitetar for alle som vil oppleve mestringsfølelse, skaparglede og fellesskap. Veldig spennande å høyre om! Dei har aktivitetar i Molde, Aukra og Gossen og skal starte i Ålesund. Dei treng hjelp av frivillige, og har m.a. samarbeidd med Gossen bygdekvinnelag.

Så var det lunch,- og her stilte dei med årets delikatessebord, alt heimelaga! 

Vi fekk høyre litt om prosjekt Guatemala.

Vår fadder fra NBK, Signe Opedal var sjuk, men var med oss på Teams.

Så var det klart for: Busstur til Atlanterhavsveien Inkl. tur rundt Svevestien. I nydeleg ver vart dette ein flott tur.

Deretter vart det innkvartering på hytter eller hotell ved Hustadvika Havhotell.

Kl. 19 var det klart for Festmiddag
Middagen var god, kakebordet imponerande, og Odd Arne Halås fekk oss i godt humør, og vi fekk også allsang.

Tusen takk for oss!