Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Gode småtomatar!

Gode småtomatar!

Frodig blomstring!

Frodig blomstring!

Snart modne bær!

Snart modne bær!

Dugnad i Sansehagen.


Tysdag 12. juni var det ny dugnad ved Valldal sjukeheim.

Denne gongen var det rydding av blomster og bed, planting av litt sommarblomster, og ikkje minst : fjerning av skvalderkål !! Det er kjekt å sjå at jordbærpyramiden har blitt fin med mykje bær som begynner å få farge,tomatplantane har stadig nye småtomater, staudene har vakse fint og bærbuskene har litt meir avling enn før om åra. Håper veret blir slik framover at mange er ute og kan nyte bær og blomsterduft !

Frivilligsentralen har sett opp liste over dei som vil vatne og stelle hagen i sommar.

 VAKTLISTE  sommar  2018

   Vatning og stell av blomar ved Valldal sjukeheim

    Dagtilbodet vatnar torsdagar, men ferie veke 28-32          

 Veke           Ansvarleg (bytt med kvarandre ved behov)

25                  Byrg/Dagtilbod

26                  Byrg/Dagtilbod

27                  Byrg/Dagtilbod

28                   Elinor Ruset                 

29                  Inghild Lingaas                   

30                  Nina Grøndahl                    

31                  Brita Melchior                   

32                  Byrg

33                  Byrg/Dagtilbod

34                                           

35

Kanskje må vi ha ein liten dugnad ut i juli for å rydde litt,- og kanskje sjå etter lus  igjen ??

Elles har kommunen no begynt graving til fundamentet for paviljongen vi skal setje opp !! Håper det blir støyping av feste snart , - Oddbjørn Kleppe har med seg ein dugnadsgjeng som er klar til å sette opp bygget !