Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Primus motor, Solveig Linge Stakkestad!

Primus motor, Solveig Linge Stakkestad!

Åses jordbærkake! - Kjempegod!

Åses jordbærkake! - Kjempegod!

Evaluering med godsaker attåt!

Evaluering med godsaker attåt!

Fornøgde damer etter kursinnsatsen!

Fornøgde damer etter kursinnsatsen!

Evaluering av sommarskule og kokkekurs.

 

På kort varsel kalla Solveig, leiaren vår, inn til evalueringsmøte på Jordbærstova. 

Ho var svært fornøgd med innsatsen til medlemane og ville spandere noko godt å ete på Jordbærstova. Og Åse serverer berre godsaker! 

Det var også viktig at alle fekk vere med å evaluere. Kva gjekk bra, og kunne noko vore annleis?  Alt vart notert og blir brukt om dette blir aktuelt neste år. 

Alle var enige om at kursdagane hadde vore kjekke å vere med på, men ganske slitsame dagar!  Sjølvsagt mest hektisk med dei yngste elevane, dei var heller ikkje vant med skulekjøkken frå før.  - Elevane var blide og eksemplariske, ville jobbe og likte maten! - Mange var også glade for oppskriftsheftet slik at dei kunne lage dette heime! - Og i tillegg fekk dei prøve litt gamle leikeaktivitetar ute og litt dans inne! 

Det vart rekna ut at omlag 105 dugnadstimar var brukte på prosjektet, og kommunen vil gi eit honorar frå Koronamidlane. 

Elevane lurte på når neste kurs skulle vere, og medlemane høyrdest ut som dei gjerne stilte på igjen!