Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Forteljarkveld med Inger Sandnes.

Forteljarkveld med Inger Sandnes.

Inger fortalde om livet sitt som helsesøster i Sør-Sudan.

Inger fortalde om livet sitt som helsesøster i Sør-Sudan.

Mette Marie var programleiar og las tankevekkande ord til oss.

Mette Marie var programleiar og las tankevekkande ord til oss.

Kjekt å kunne samlast igjen.

Kjekt å kunne samlast igjen.

Februartreff

 

Tysdagskvelden var vi 11 medlemar som samla oss på Biblioteket for ei hyggestund. Denne kvelden var det Inger Sandnes som viste bilde og fortalde frå livet sitt før ho kom til Valldal. Ho var utdanna helsesøster og ville gjere ein innsats for dei som ikkje har det så godt som oss. Ho reiste derfor til Sør- Sudan for Kirkens Nødhjelp og var der i 3 år. 

Vi fekk høyre og sjå dei kummelege forholda folket levde under, korleis ho reiste rundt i landet med bil på dårlege vegar eller vegar som ikkje var der! Ho opplevde også mange utfordrande og farlege situasjonar, men ho var ikkje redd, sa ho, og det gjekk bra.

Ho var også så heldig at ho møtte ein kjekk valldaling der. Arne Sandnes jobba med eit jordbruksprosjekt i same området, og dei vart kjende, og det enda med forloving. Dei gifta seg då dei kom heim, og flytta til Valldal i 1978. Og her har dei vore aktive i bygda vår både gjennom arbeid og frivillig arbeid!

Det var første gong vi skulle ha vertinnegruppe som skulle stå for det praktiske med arrangementa i laget. Denne gongen enda det med at berre Vigdis kunne møte, så ho hadde skaffa gode baguettar frå Bakeriet og ordna med bord og stolar, kaffi og opprydding. Fekk også god hjelp av Mette Marie.

Vi hadde koseleg prat ved kaffien, Inger fekk fleire spørsmål om tida i Afrika, og vi veit at ho også har vore der med heile familien, så kanskje får vi høyre meir seinare.

Sjølvsagt hadde vi eit raskt åresal, så mange fekk ein nyttig gevinst.- Neste månad er det 90-årsjubileum for laget vårt. Det blir kakefeiring på marstreffet og jubileumsmiddag på hotellet seinare.

Takk til alle som gjorde dette til ein hyggeleg kveld for oss. - Særleg takk til Inger, Vigdis og Mette Marie.