Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Ein fin gjeng som møttest på biblioteket.

Ein fin gjeng som møttest på biblioteket.

Mange fine dikt og forteljingar vart delte.

Mange fine dikt og forteljingar vart delte.

Full konsentrasjon.

Full konsentrasjon.

Kassereren vår, Nelly Ytterli fekk ein fin orkide som takk for flott innsats.

Kassereren vår, Nelly Ytterli fekk ein fin orkide som takk for flott innsats.

Gevinstar vart julestjerner og heimebaka julekaker!

Gevinstar vart julestjerner og heimebaka julekaker!

Førjulshygge.

 

9. desember vart det førjulshygge for Vbk på biblioteket.  - Der var 15 frammøtte, og vi kosa oss med gløgg, heimelaga, nydeleg julebrød og diverse smakfulle julekaker. Nam - nam!

Elles vart det opplesing av dikt og forteljingar, både Solveig, Sunneva og Bjørg hadde funne noko tankevekkande og noko morosamt. - Mette Marie las også referat frå oppstarten av eit traktorlag som gjekk til innkjøp av første traktoren i Valldal. Trur det var i 1939, og denne gjekk på omgang i bygda. Vart svært populær til pløging og harving.

Kassereren vår, Nelly Ytterli fekk blomar som takk for flott innsats. Ho er med i fylkesstyret, og som kasserer har ho lært seg eit rekneskapsprogram på data slik at det skal vere enkelt å halde orden på finansane! 

Vi hadde også åresal med fine julegevinstar. - Det var kjekt å samlast til hygge og prat, - og så kunne vi ynskje God jul til kvarandre.