Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Nydeleg bakst! - Grovkveitekjeks, Videseterkaker og Sjokopinnar.

Nydeleg bakst! - Grovkveitekjeks, Videseterkaker og Sjokopinnar.

Bjørg som ny leiar!

Bjørg som ny leiar!

Liv og Scilla kommuniserer godt om sjokopinnane.

Liv og Scilla kommuniserer godt om sjokopinnane.

Nelly svinga kjevlet lett og det vart fine kjeks.

Nelly svinga kjevlet lett og det vart fine kjeks.

Triveleg prat vart det også.

Triveleg prat vart det også.

Solveig overrekte Scilla fine kristorngreiner.

Solveig overrekte Scilla fine kristorngreiner.

Mange fine og spennande gevinstar.

Mange fine og spennande gevinstar.

Full aktivitet.

Full aktivitet.

Godt humør på Petra og Åse!

Godt humør på Petra og Åse!

Førjulshygge

Førjulshygge 10.12.2024 på Valldal skule

Til liks med i fjor, samlast vi på Valldal skule denne tysdagen til sosialt samvær med baking,
underhaldning, servering og åresal. Styret stod for arrangementet denne gongen.
Bjørg ønskte velkomen og las frå Margrete Munthe sine historier. MM er ein kjend forfattar
der vi i vår generasjon kan assosiere oss særleg med hennar songar som var mykje brukt i
barneskulen.
17 personar møtte, denne kvelden fekk vi også helse på ei dame frå Ungarn som var med på
arrangementet. Ho er godt kjent i bygda frå tidlegare, heilt attende til 1988, og har saman
med ektemannen kjøpt hus i Fjærå der dei skal busette seg fast. Ei kunnskapsrik dame som
gled seg til å busette seg i kommunen! Solveig overrekte henne ei fin bukett kristorn og
ønskte henne velkomen!
Planen var at vi også skulle ha eit alternativ til baking; nemleg binding av julekransar. Sidan
det ikkje lukkast å få nokon som kunne rettleie om dette, vart det ikkje noko av denne
gongen.
Alternativa vart då; påsmurde julebrød som Gerd og Sheila ordna med,
samt utbaking av deigar til sjokopinnar, videseter og grovkveitekjeks.
Bakinga vart veldig bra, sjølv om det alltid er eit «lotteri» når garva «husmødre» skal prøve
seg med andre steikomnar. Bra at Solveig er kjent med desse!
Det vart mykje godt som kom på bordet etter bakinga, og vi kosa oss med allsong, mat og
prat. Utkast til halvårsplan vart delt ut.
Som alltid var det åresal og mange fine gevinstar vart fordelt. Ordninga med maks to
gevinstar på kvar er ei god løysing.
Etter matøkta var det tid for opprydding som gjekk greitt unna med mange medhjelparar.
God Jul!

Magnhild
skrivar

Oppskrifter.

Magnhilds grovkveitekjeks!

250 g kveitemjøl

250 g grovkveite

250 g sukker

250 g smelta margarin

1 ss hjortesalt

1 egg

1 kopp melk ( ca 1,5 dl)

Smelt smøret, tilsett sukker, egg, løys opp hjortesalt i mjølka og bland i det andre. Sett gjerne kaldt ei stund.

Mjøl til utbaking ( kanskje må du kna inn litt meir mjøl )

 

Oppskrift

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Judith og Bjørg