Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Lokale, flotte og gode råvarer.

Lokale, flotte og gode råvarer.

Wenche og Aase kosa seg saman med elevane heile dagen.

Wenche og Aase kosa seg saman med elevane heile dagen.

Potetkakene blir til.

Potetkakene blir til.

Nam,nam! Potetkaker er godt.

Nam,nam! Potetkaker er godt.

Alle må prøve på kjevlekunsten.

Alle må prøve på kjevlekunsten.

Kutting av grønsaker tar tid.

Kutting av grønsaker tar tid.

Eplekaka ser god ut!

Eplekaka ser god ut!

Grønsaksuppa er klar!

Grønsaksuppa er klar!

Frå jord til bord!

Frå jord til bord!

Flott dag med VBK på skulekjøkkenet. Vaksne tilflyttarar frå mange land som har norskundervisning med Wenche Silden, fekk ein praktisk dag. Dei starta kl 9.00 og køyrde rundt i bygda for å hente råvarene og sjå kvar dei vart dyrka. Dagen vart avslutta kl 14.

Dei var på Døvingen hos Petter Arne ( fekk potetene gratis!), på Storstova hos Hegelin og ein tur til Elida Linge for å hente frukt.

Ivrig og kjekk gjeng. Vi handla lokalt all frukt, potet og grønnsaker som vi brukte, og elevane fekk lære meykje om dei ulike sortane.. Menyen var grønnsakssuppe, potetkaker og eplekake !

16. oktober er Verdas matvaredag. Norges Bygdekvinnelag har valt den dagen til VÅR DAG i
markeringa av Frivilligåret 2022. Temaet vårt er «Saman for berekraftig matkunnskap».

Valldal Bygdekvinnelag markerar VÅR DAG på 5.oktober og 19.oktober. Vi har 2 dagar på
Valldal skule. 5.oktober hadde vi kjøkkendag med vaksne norskelevar frå mange land. Vi
kjøpte grønsaker, poteter, eple og pære som vi brukte i matlaginga. Elevane var med ut og
handla, så dei fekk sjå kvar dette kom frå.

19.oktober skal VBK vere i 6.klasse og lage mat
med same opplegget der. Dette blir også til ein lunsj til heile mellomsteget.

Flott innsats av Solveig og Aase!

Foto: Solveig Linge Stakkestad