Fredagskafe.
Fredag 2. februar var det Valldal Bygdekvinnelag som ordna med Fredagskafeen på Omsorgsbustaden i Valldal.
Dei som var i kafegruppa møtte opp i god tid og ordna med det som skulle til. Gode kaker kom også på bordet, og heldigvis var det mange som kom innom både av bebuarar, familie og venner frå bygda. Så då gjekk praten livleg rundt borda og det såg ut som det smaka med kaffi og gode kaker.
Kulturskulen var også på plass, så vi fekk fin piano- og fiolinmusikk frå fire unge jenter. Tusen takk !!