Fredagskafe
Fredag 28.05.23 var det Bygdekvinnelaget som skulle ha fredagskafe på Valldal sjukeheim. Kafegruppa stilte mannsterke opp med dei flottaste kaker. Gode var dei også!
Kulturskulen deltok med underhaldning under leiing av Kari Anne Vikene, og denne gongen var det speling på treblåseinstrument. Alle tre jentene spelte reint og fint. Tusen takk til dei!
Astrid Bakke Andersen tok seg av allsong, og det vart fine vårsongar som var kjekke å synge.
Det vart ein god del folk etter kvart, så kakene gjekk unna. Bygdefolk er flinke til å kome, skulle ønske at fleire av bebuarane vart med.
Tusen takk til kafegruppa i Vbk.