Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Full konsentrasjon! Solveig og Bjørg midt på bildet.

Full konsentrasjon! Solveig og Bjørg midt på bildet.

Innleiarane på møtet var Grethe Brundtland frå NBK, Lene Havåg og Marthe Halvorsen.

Innleiarane på møtet var Grethe Brundtland frå NBK, Lene Havåg og Marthe Halvorsen.

Vervepris til Nelly Ytterli. Solveig tok imot.

Vervepris til Nelly Ytterli. Solveig tok imot.

Fylkesårsmøte i Kristiansund

 

Kjekke dagar på Fylkesårsmøtet i Kristiansund.

Solveig og Bjørg, leiar og nestleiar representerte Vbk. Dei fortalde om interessante og lærerike dagar i Kristiansund. Mellom anna fekk Nelly Ytterli frå laget vårt verveprisen i år,! - Flott innsats både frå henne og også fleire andre som kar vore aktive med verving. Det var tre innleiarar på årsmøtet. Grete Brundtland frå NBK snakka om Tradisjonsmatprosjektet. Vi skal verre med på prosjektet, og Brita Melchior Relling og Elisabeth Golten skal på kurs for kurshaldarar. Dei skal seinare halde kurs i laget. Lene Havåg fortalde om prosjektet " eit år utelukkande på norsk mat" . Det var mykje vanskelegare enn ho hadde tenkt seg. Interessant å høyre korleis dei fekk tak i mat og kvar dei måtte for å få tak i berre norskproduserte varer. Det gav oss alle ein takevekkjar. Marthe Halvorsen frå Bondelaget snakka om Mattryggleik, Matsikkerheit og merking av matvarer mrd opprinnelsesland. Årsmøtet gjorde og ein uttale/ resolusjon om alle kutta i helseforetaket. Eg skal legge link til den når eg får den.ø

resolusjon_mr_bygdekvinnelag_2019_1.pdf