Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Godt frukostalternativ!

Godt frukostalternativ!

Gratis skulemåltid for alle.

 

Det er på høg tid å innføre eit sunt skulemåltid. Det vil ver eit løft for folkehelsa, sosial utjamning, skulemiljø og gode matvanar. Bustad og skule  bør ikkje vere avgjerande om du får eit  næringsrikt måltid i skulen eller ikkje.

Over halvparten av lærarane opplever dagleg eller fleire gongar i veka at  elevane er ukonsentrerte fordi dei ikkje har ete  nok i løpet av skuledagen. Berre ein av fem  tilsette på skulen  seier at dei ser at borna alltid har med matpakke.

Born og unge er i dag på skule og fritidsordning store delar av dagen.  Folkehelselova  fremjar skulen som ein viktig arena for det forebyggjande helsearbeidet. Då er eit felles  gratis offentleg skulemåltid eit godt tiltak .

På skulen kan vi nå ut til alle og gjere ein skilnad i deira skulekvardag. Dette har effekt. Det blir meir rolege elevar, betre konsentrasjon og betre læringsmiljø. Elevane er opptekne av det sosiale rundt måltidet.

I debatten rundt skulemåltid, er det  eit vanleg argument at det er for dyrt og vanskeleg å få til.. Nokre kommunar har fått dette til, t.d i Vinje kommune.  Kanskje dette ikkje er så vanskeleg å få til—men det nå kome offentlege midlar.

Bygdekvinnelaget meinar at dette er så viktig at det ikkje bør overlatast til kvar kommune å få tll.

No må Stortinget innføre eit gratis skulemåltid for alle born i alle kommunar i landet. 

Valldal Bygdekvinnelag

Solveig Linge Stakkestad