Hopp til hovedinnhold

Valldal Bygdekvinnelag

Harald Grytten med temaet By og land.

Harald Grytten med temaet By og land.

Mange frammøtte som kosa seg.

Mange frammøtte som kosa seg.

Gode kaker og kaffi!

Gode kaker og kaffi!

Solveig takka for innsatsen.

Solveig takka for innsatsen.

Her er  krakken! - Internettprogrammet vil ikkje vise heile bildet!

Her er krakken! - Internettprogrammet vil ikkje vise heile bildet!

Her er Harald på krakken! - men bildet blir vist liggande!

Her er Harald på krakken! - men bildet blir vist liggande!

Harald Grytten i storform!

 

Søndag, 17. november var Harald Grytten invitert til Valldal for å snakke om temaet By og land. Frammøtet var bra,- og vi fekk ei triveleg stund med mange gode historier.

Han tok føre seg utsikta frå Aksla, 360 grader rundt, og fortalde om alle kommunar ein kan sjå derifrå.Og diverse kjenneteikn på folket der! -  Fjellstova vart forresten bygd og starta av ein frå Liabygda! -m  Han fortalde også om Kongens gate frå den tida han vaks opp og viste at namn på butikkar eller eigarar kom frå distrikta rundt. Mange også inne frå fjordane.

Kvelden starta med Kulturskulen som underheldt med fin song. Det var Ane Maria Valdal, Elida Waldal og Kari Anne Vikene som song og Håkon Myklebust kompa på gitar. Solveig Linge Stakkestad ynskte velkomen til alle dei frammøtte, og så gav ho ordet til Harald Grytten. Har er kjend for byvandringane sine i Ålesund der han stod på ein krakk og fortalde om byen sin. No har han blitt 81 år, men krakken var med til Valldal også, og han balanserte flott på den no også. Samtidig som han fortalde og gestikulerte. Folk humra og lo, så dette vart godt motteke.

I pausen serverte Bygdekvinnelaget gode kaker og kaffi, og praten gjekk livleg rundt borda.